Bondehageplanter fra Ljosland

Bondehageplanter har med tida blitt ei gruppe som omfattar slike plantar som gjennom fleire hundreår har hatt si plass i embetsmannshagen, på bondegarden og ved allmueheimen.

Bondehagen har gamle og gode tradisjonar å byggje på. Plantane var gjerne kraftige i vekst med store blomar, kravlause, hardføre og hadde lett for å forville seg. Plassen deira var dermed trygg (med lite tilsyn) for komande generasjonar. Mange kom først til klosterhagane og vart spreidde derifrå. Så har desse vekstene gjennom mange hundre år vist seg velegna for bondehagane og er blitt grunnfeste i vår tradisjon. Langs gjerdet står humle, i utkanten av plenen står det ripsbuskar. Alle plantane her kjem frå Ljosland.

Plantane under blir presenterte med norske, latinske, engelske og tyske namn.

Foto: ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Per Arvid Åsen

kart over plantesamlingene
Bondehageplanter er merka som nummer 2 på kartet. 

Akeleie

Aquilegia vulgaris
Columbine;
Gewöhnliche Akelei

akeleie

Akeleie (Aquilegia vulgaris) var ein populær kristen symbolplante i middelalderen, ofte avbilda saman med Maria møy. Dei oppadvende honningsporane blei tolka som eit bilete av Den Heilage Ande. Akeleie er óg ein gamal medisinplante, men giftig!

Brandgras

Phalaris arundinacea f. picta
Ribbon Grass
Gelbe Narzisse

brandgras

Bandgras (Phalaris arundinacea f. picta) er ei kulturform av vanleg strandrøyr. Lokale namn er ”mannsliknelse” og ”menneskenes sinn”. Kom til Noreg ei gong på 1600-talet. Graset er hardført og kan dyrkast mest alle plassar. Vanleg.

Hagerabarbera

Rheum xcultorum
Rhubarb;
Gemeiner Rhabarber

hagerabarbera

Hagerabarbra (Rheum x rhabarbarum). På 1850-talet tykkjest rabarbragraut vere vanleg i Noreg. Før dette var rabarbra nytta som magemedisin. Rabarbra er særs hardfør og veks heilt opp til Bjåen, 920 m o.h., i Bykle.

Humle

Humulus lupulus
Hop;
Hopfen

humle (blomst)

Humle (Humulus lupulus) er ein nyttevekst som har vore brukt i ølbrygging i Norge sidan 1200-talet. Humla blei planta på ein lun plass, ved husveggen, langs gjerder, oppetter eit tre, ein fjellvegg eller i ei varm steinrøys. Slik finn vi óg attståande humle på Agder i dag. Humle kan óg brukast som eit mildt sovemiddel.

Kjempekonvall

Polygonatum x hybridum
Garden Solomon`s Seal;
Weißes Salomonssiegel

kjempekonvall

Kjempekonvall (Polygonatum x hybridum) er ein gamal legeplante, etter signaturlæra skulle droga hjelpe mot leddsjukdomar og vatn i kneet, av di rota er ledda. Planta er vanleg dyrka, attståande og forvilla i gamle hagar og parkar i heile Agder.

Meisterrot

Peucedanum ostruthium
Masterwort;
Meisterwurz

meisterrot

Meisterrot (Peucedanum ostruthium) likner på det vanlege ugraset skvallerkål, men meisterrot er særs sjeldan, og er såleis på den norske raudlista. I Agderfylka er planta i dag berre kjend frå Ljosland, Bortelid og Hamkoll i Åseral, Ousdal i Sirdal og frå Herad. Dette er ei lækjeplante, brukt mot pest, og truleg innførd til landet av munkane i middelalderen.

Prakthjelm

Aconitum xstoerkianum
Hybrid Monk´s-hood;
Garten-Eisenhut

prakthjelm (blomst)

Prakthjelm (Aconitum x stoerkianum) kom i kultur for eit par hundre år sidan. Planta klarer seg lenge på eiga hand, og stend att i gamle hagar over heile Agder. Han spreier seg med nye rotstokkar. Særs giftig. Folkeleg namn på planta er ”Duen i arken” og ”blådue”. Blåkvite blomar førekjem óg, dei er kalla ’Bicolor’ i bøkene.

Påskelilje

Narcissus pseudonarcissus
Wild daffodil
Gelbe Narzisse

påskelilje

Gamaldags, fylt påskelilje (Narcissus pseudonarcissus ’Van Sion’). Gamal løkplante, blomstra truleg for fyrste gong i Noreg i Bergen i 1598. Vanleg dyrka og attståande i gamle hagar og parkar. Forvillar seg óg utforbi hagegjerdet.

Reinfann

Tanacetum vulgare
Tansy;
Reinfarn

reinfann

Reinfann (Tanacetum vulgare) er ei kulturplante i Europa frå 800-talet. Ho er nemd på den fyrste plantelista me kjenner frå Agder, brukt ”som et bekjent Middel for Orm, især til Børn, og koges i Melk”. Informantar har fortald om bruk av reinfann i drikke mot innvollsorm hjå menneske og dyr. Óg brukt på utedoen mot insekt. Planta er giftig.

Rips

Ribes x pallidum
Red Currant;
Rote Johannisbeere

rips

Rips (Ribes x pallidum) er enno nokså vanleg i hagane på bygdene, men oftast ser me no at bæra berre blir hengjande på buskane om hausten til glede for fuglane! Folk lagar ikkje lengre saft og gelé. Hollandsk rips er kjennetikna med mange bær i klasen og trelappa blad med rett grunn.

Storklokke

Campanula latifolia
Giant Bellflower;
Breitblättrige Glockenblume

storklokke

Storklokke (Campanula latifolium) er ei vill plante i Noreg, men folk har tatt ho inn i hagane sine. Dette er óg ei gamal matplante, saftige blad og stilkar blei brukt til suppekål. I Setesdal er planta kjend med namnet gople.

Turt

Cicerbita alpina
Alpine Blue-sow-thistle;
Alpen-Milchlattich

turt

Turt (Cicerbita alpina) er ei vill plante i Noreg, men folk har tatt ho inn i hagane sine, sikkert på grunn av dei fine, blå blomane. Den ville planta er funne sør til Hægebostad, Vennesla og Iveland i Agder. Tidlegare brukt til mat når det kneip. I Bykle veks ho opp til 1290 m o.h