Blomeeng

Fjellet kan by på frodige blomsterenger, ofte i samband med stølsdrift og kulturlandskap. Her har vi samla nokre av dei vanlegaste engblomane: raud jonsokblom, engsoleie, skogstorkenebb, engsyre, enghumleblom, prestekrage og firkantperikum.

Plantane under blir presenterte med norske, latinske, engelske og tyske namn.

Foto: ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Per Arvid Åsen

Blomeeng er merka som nummer 3 på kartet. 

 

Engsoleie

Ranunculus acris
Meadow buttercup
Charfe Hahnenfuß

engsoleie

Engsoleie (Ranunculus acris) er floranamnet på denne planta, men ho er kan hende like godt kjend med namnet smørblomst. Det var vanleg at borna held ein slik blome under haken, og når det gule gjenskinet synte seg på huda, fekk ein høre at: ”Jau, du har ete mykje smør.”

Engsyre

Rumex acetosa
Sorrel
Große Sauerampfer

engsyre

Engsyre (Rumex acetosa) er ei vanleg engplante i Noreg. Namnet syre, norrønt súra, fortel at planta er sur, og ho inneheld fruktsyre, men óg oxalsyre. Ein skal difor vere litt forsiktig med å ete for mykje syre på ein gong.

Firkantperikum

Hypericum maculatum
Imperforate St John's-wort
Gefleckte Johanniskraut

firkantperikum

Firkantperikum (Hypericum maculatum) er vanleg på skrinne, tørre enger. Knopper av perikum satt på brennevin, gjev ein bitter smak og ein kraftig raud farge. Husråd, mellom anna brukt mot kollik, steinsmerter, diarré, og som blodstansende og sårmiddel.

Raud jonsokblom

Silene dioica
Red Campion;
Rote Lichtnelke

Raud jonsokblom

Raud jonsokblom (Silene dioica) er ikkje uvanleg blomeenga. Blomane er einkjønna, det fins difor eigne hann- og hoplanter, men raud jonsokblom set rikeleg med frø og spreier seg lett, og er vidt ubreidd frå fjøra og opp til 1250 m o.h. i Bykle.

Ryllik

Achillea millefolium
Yarrow
Gemeine Schafgarbe

ryllik

Ryllik (Achillea millefolium) veks ofte på tørrbakkar og tørrenger. Planta er ei klassisk lækjeplante, er sterkt aromatisk og inneheld bitterstoff. Ryllik har blitt brukt som eit universalmiddel mot ei rekke plager, frå antikken og heilt fram til i dag.

Skogstorkenebb

Geranium sylvaticum
Wood Crane’s-bill;
Wald-Storchschnabel

Skogstorkenebb

Skogstorkenebb (Geranium sylvaticum) er vanleg frå fjøra og opp på snaufjellet til 1350 m o.h. Planta er særs vanleg i blomeenger og veks ofte i større bestand. Gjev garn gul farge. Brukt mot gikt i folkemedisin.