Vierar i fjellet

Fleire typar vierar er faste innslag i fjellfloraen. I Ljosland fjellhage har vi alle vierar som finst i fjellet på Agder.

Alle vier er særbu, det vil sei at ein plante berre får enten ho- eller hanblomar. Blomane er små og unnselege, og samla i aks som kallast raklar. I Ljosland fjellhage har vi alle vierar som finst i fjellet på Agder. I skråninga ned frå inngangspartiet er det planta både lapp- og sølvvier, såkalla ”gråvier”. I hagen har vi også andre vierar som grønvier, ullvier, øyrevier, myrtevier, rynkevier og musøyre.

Plantane under blir presenterte med norske, latinske, engelske og tyske namn.

Foto: ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Per Arvid Åsen

Viere er merka som nummer 4 på kartet.

 

Grønnvier

Salix phylicifolia
Tea-leaved Willow;
Zweifarbige Weide

grønnvier

Grønvier (Salix phylicifolia) er ein meterhøg busk med blanke raudbrune årsskott og blanke lysgrøne blad. Noko næringskrevjande. Nokså sjeldan i Agderfylka til 1291 m o.h. Grønvier er funne sør til Valle.

Lappvier

Salix lapponum
Downy Willow;
Lappländischer Weide

lappvier

Lappvier (Salix lapponum) blømer med raklar før lauvsprett, og det er ikkje blad på rakleskafta. Dette er ein typisk gråvier som ofte veks i tette, gråfarga kratt, både i og like over fjellbjørkeskogen. Sauene beiter på busken. Vanlegaste gråvier i heiane her sør, til Hægebostad, Vennesla og Froland. Han er lite næringskrevjande.

Myrtevier

Salix myrsinites
Whortle-leaved Willow;
Myrsinen-Weide

myrtevier

Myrtevier (Salix myrsinites) er lett kjenneleg på blanke blad, samstundes som dei visne blada frå førre året sit på greinene. Om lag ein halvmeter høg. Næringskrevjande, sjeldan i Agderfylka, finst berre på baserik grunn i Bykle mellom 835 og 1250 m o.h. 

Rukkevier

Salix reticulata
Net-leaved Willow;
Netz-Weide

rukkevier

Humle (Humulus lupulus) er ein nyttevekst som har vore brukt i ølbrygging i Norge sidan 1200-talet. Humla blei planta på ein lun plass, ved husveggen, langs gjerder, oppetter eit tre, ein fjellvegg eller i ei varm steinrøys. Slik finn vi óg attståande humle på Agder i dag. Humle kan óg brukast som eit mildt sovemiddel.

Sølvvier

Salix glauca
Grayleaf Willow;
Blaugrüne Weide

sølvvier

Sølvvier (Salix glauca) blømer med raklar samstundes med blada. Rakleskafta er lange og dei har blad. Dei raudbruna arra likner unge elghorn. Blada smaker beskt, men sauene beiter på busken. Lite næringskrevjande, noko mindre vanleg enn lappvier i heiane. Kjend sør til Hægebostad og Iveland.

Ullvier

Salix lanata
Woolly Willow;
Woll-Weide

ullvier

Ullvier (Salix lanata) er lett kjenneleg med breie og ullhåra blad. Om lag ein halvmeter høg. Næringskrevjande. Ikkje vanleg i Agderfylka, berre funne i Bykle mellom 610 og 1300 m o.h.

Øyrevier

Salix aurita
Eared Willow
Ohr-Weide

øyrevier

Øyrevier (Salix aurita) er ikkje ein ekte fjellplante, men han veks naturleg langs med stien gjennom i fjellhagen. Øyrevier er den vanlegaste vieren i låglandet, i skog, skogkantar, på vegkantar og skrotemark. Namnet kjem av dei store øyreblada som sit parvis ved basis av dei store blada. Han er funne opp til 930 m i Bykle. Veks naturleg i fjellhagen.