Myrplanter

Myr er eit økosystem med høg grunnvasstand kor torv dannar seg og samlast opp. Vegetasjonen på myra delast inn etter vatn- og næringstilførsel.

Tilførsel frå kalkrike (basiske) bergartar gir gode veksttilhøve på myra og dermed ei rikhaldig myrflora. Slike såkalla rikmyrar med kalkkrevjande artar er svært sjeldne på Agder. Det er fattigmyrane som dominerer myrvegetasjonen på heiane. I høve til rikmyrane verkar fattigmyrane svært einsformige fordi enkelte artar dominerer, til dømes torvull og småbjørneskjegg. Her presenterer vi myrplantar som krev stor fuktigheit.

Plantane under blir presenterte med norske, latinske, engelske og tyske namn.

Foto: ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Per Arvid Åsen

Myrplanter er merka som nummer 5 på kartet.

 

Bjørnebrodd

Tofieldia pusilla Common
Scottish Asphodel;
Kleine Simsenlilie

Bjørnebrodd

Bjørnebrodd (Tofieldia pusilla) veks helst på noko kalkrik, fuktig grunn, t.d. rikmyr, grasmyr, sik og bekkekantar (finst ikkje på fattigmyr i Agderfylka). Blada likner til forveksling på romeblad, men er noko mindre. Giftig. Planta er funne mellom 710 og 1230 m i Bykle, elles sør til Sirdal og Valle.

Duskull

Eriophorum angustifolium
Common Cottongras;
Schmalblättriges Wollgras

duskull

Duskull (Eriophorum angustifolium) er særs vanleg på alle myrer i snauheia, men óg opp på toppane til 1460 m o.h. Blomane sit i toppstilte aks. Når frukta mognar veks håra i blomedekke ut til ull.

Dvergbjørk

Betula nana
Dwarf Birch;
Zwerg-Birke

Dvergbjørk

Dvergbjørk (Betula nana) er vår minste bjørk, knapt ein meter høg. Nokre stader er ho vanleg og veks i tette kjerr. På Hovden i Bykle er dvergbjørka ein av dei dominerande artene i den fattige fjellheia, medan andre stader kan ho vera sjeldan. Lokal utbreiing er vanskeleg å forklare. Dvergbjørka likar ikkje langvarig snødekke. Opp til 1226 m i Bykle, sør til Songdalen og Iveland.

Flekkmarihånd

Dactylorhiza maculata
Heath Spotted-orchid;
Schmalblättriges Wollgras

Flekkmarihånd

Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata) er den vanlegaste orkidéen i Agderfylka. Han er lite næringskrevjande. Veks heilt opp på snaufjellet, til 1000 m o.h. i Bykle som óg er høgdegrense i Noreg.

Kvitlyng

Andromeda polifolia
Bog-rosemary;
Rosmarinheide

Kvitlyng

Kvitlyng (Andromeda polifolia) er ei vanleg myrplante i heile Agder til høgt opp på snaufjellet (1300 m o.h. i Valle). Ikkje næringskrevjande. Noko giftig.

Molte

Rubus chamaemorus
Cloudberry;
Moltebeere

Molte

Molte (Rubus chamaemorus) har hann- og hoblomstrar kvar for seg. Det kan hende at nokre år er det lite hoplanter og lite bær, då trur me at hoplantene har teke pause eit år etter eit år med rikare bærhaust. Frost i blomstringa kan óg gje lite tilslag av bær. Hannblomane er størst. Molte er kommuneblomen til Hægebostad.

Myrfiol

Viola palustris
Marsh violet
Sumpf-Veilchen

Myrfiol

Myrfiol (Viola palustris) er ei vanleg plante på fuktig mark i heile landet til høgt opp i snauheia, til 1360 m o.h. i Bykle. Myrfiol er svært vanleg på myrene i fjellet. Ikkje næringskrevjande.

Småbjørneskjegg

Trichophorum cespitosum ssp. cespitosum
Deergrass;
Horstige RasenbinseSmåbjørneskjegg

Småbjørneskjegg (Trichophorum cespitosum ssp. cespitosum) er så vanleg at me nesten ikkje legg merke til planta, men me tråkkar på ho heile tida når me gjeng i heia. Blomane signaliserer heller ikkje så voldsomt, sjøl om dei gule arra ser ut som små stjerner. Finst i heile fjellet, ikkje næringskrevjande.

Tranebær

Oxycoccus palustris
Common cranberry
Gewöhnliche Moosbeere

Tranebær

 

Snøull

Eriophorum scheuchzeri
Scheuchzer’s Cottongrass;
Scheuchzers Wollgrass

snøull

Snøull (Eriophorum scheuchzeri) veks titt i særs vakre bestand. Dei snøkvite hovuda er synlege lang lei. Planta er ikkje så vanleg som duskull og torvull. Ho er spreidd på myrene opp til 1460 m o.h. i Bykle.

Stjernesildre

Michranthes stellaris
Starry saxifrage
Stern-Steinbrach

Stjernesildre

Stjernesildre (Saxifraga stellaris) er heilt klart den vanlegaste av alle sildrene våre. Ho er lite næringskrevjande og er ei nokså vanleg fjellplante på fuktige stader (t.d. snølæger) i Agderfylka sør til Hægebostad og Bygland, og opp på Sæbyggjenuten 1500 m o.h.

Tettegras

Pinguicula vulgaris
Common Butterwort;
Gewöhnliches Fettkraut

Tettegras

Tettegras (Pinguicula vulgaris) har lysgrøne blad, klissete av kjertelhår som fangar insekt som attåtnæring. Blada har vore brukt i folkemedisinen mot urein hud og som ”startgrunnlag” for tettemjølk. Ein la då 30-40 blad i botnen av karet og helte spenevarm mjølk over. Då blei mjølka seig – tettemjølk.

Torvull

Eriophorum vaginatum
Hare’s-tail Cottongrass;
Scheiden-Wollgras

torvull

Torvull (Eriophorum vaginatum) er ei av desse plantene som er så vanleg på myrer og fuktig hei i fjellet at me knapt enser ho. På kvart strå sit det berre eit enkelt aks. Veks i tuver. Ikkje næringskrevjande.