Kalkrik rasmark

Rasmark er ein naturtype som inkluderer skrentar, skråningar og bratte dalsider der det går skred, samt bratte dalsider der ras og frostsprenging dannar store steinurer.

Innsig av næringsrike bergartar og næringsrikt sigevatn i desse bratte skråningane kan gi grobotn for ein artsrik vegetasjon. Fyllittskifer er ein slik næringsrik bergart, og vi finn han i dei nordvestre Bykleheiane frå Urar i sør over Meien, Skyvassnuten til Storhedderfjell med Svartepodd og Fisketjørnnuten heilt i nord. Skiferlaget ligg på høgdenivået rundt 1200 m.o.h. i heile området, og her finn vi det rikaste plantemangfaldet i Setesdalsheiane.

Plantane under blir presenterte med norske, latinske, engelske og tyske namn.

Foto: ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Per Arvid Åsen

kart over plantesamlingene
Kalkrik rasmark er merka som nummer 10 på kartet. 

Bergfrue

Saxifraga cotyledon
Maiden Saxifrage;
Pracht-Steinbrech

Bergfrue

Bergfrue (Saxifraga cotyledon) er kommuneblomen i Valle i Setesdal. Bergfrue, bergebruske eller fjelldronning er kalt den vakraste av alle fjellplanter, og blei i mellomkrigstida utnemd av fagbotanikarar til Noregs nasjonalblomst. Etter blomstring og frøsetjing døyr heile planta. Bergfrua er nokså vanleg i berg og rasmark i fjellet til 1170 m o.h.

Bergrublom

Draba norvegica
Rock Whitlowgras;
Norwegisches Felsenblümchen

Bergrublom

Bergrublom (Draba norvegica) er den einaste rublomen som veks i fjella på Agder. Planta er berre funne i Bykle mellom 530 og 1320 m, og i Hunneknuten Sirdal. Kalkkrevjande. Liten tuveforma krossblomst som veks i berg og rasmark.

Bergveronika

Veronica fruticans
Rock Speedwell;
Felsen-Ehrenpreis

Bergveronika

Bergveronika (Veronica fruticans) er utnemd til den vakraste veronika i heile Norden! Blåfargen er særmerkt. Planta blir delvis forveda og nokre av blada kan overvintre. Bergveronika er funne sør til Hunneknuten i Sirdal og i Valle, opp til 1260 m o.h i Bykle. Sjeldan.

Brudespore

Gymnadenia conopsea
Fragrant orchid
Mücken-Händelwurz

Brudespore

Brudespore (Gymnadenia conopsea) er ein vakker orkidé som veks helst på kalkrik grunn. Vanlege voksestader er næringsrik fjellbjørkeskog, høgstaudelier, rasmarker og fjellhyller. Han er funne sør til Åseral og Birkenes, og opp til 1200 m i Bykle.

Fjellarve

Cerastium alpinum
Alpine mouse-ear
Alpen-Hornkraut

fjellarve

Fjellarve (Cerastium alpinum) er ei flott arve med store blomar på ullhåra stenglar. Noko næringskrevjande. Planta veks helst i rasmarker og i sprekkar i bergveggjar med kalkutfelling. Spreidd sør til Sirdal og Valle, opp til 1300 m i Bykle.

Fjellbakkestjerne

Erigeron borealis
Alpine Fleabane;
Nordisches Berufskraut

Fjellbakkestjerne

Fjellbakkestjerne (Erigeron borealis) er berre funne i Bykle i Agderfylka, mellom 910 og 1280 m o.h. Ho spreier seg særs godt i fjellhagen.

Fjellfiol

Viola bicolor
Alpine yellow-violet
Wilde Stiefmütterchen

Fjellfiol

Fjellfiol (Viola bicolor) er særs sjeldan i Agderfylka og er berre funne nokre få stader i Bykle (til ca. 1100 m) og ein stad i Sirdal. Næringskrevjande (likar helst kalkgrunn).

Fjellfrøstjerne

Thalictrum alpinum
Alpine meadow-rue
Alpen-Wiesenraute

Fjellfrøstjerne

Fjellfrøstjerne (Thalictrum alpinum) er berre 10 cm høg, og det er dei gulbrune pollenberarane som utgjer blomane. Oversida av blada er glinsande grøn, undersida blågrøn. Planta er kalkkrevjande (baserik grunn), og er berre funne i Bykle mellom 767 og 1230 m i Agderfylka.

Fjellkattefot

Antennaria alpina
Alpine pussytoes
Alpenkatzenpfötchen

Fjellkattefot

Fjellkattefot (Antennaria alpina) liknar vanleg kattefot (låglandsplante), men har eit korgdekke som er meir brunleg. Fjellkattefot er ein av dei sjeldnaste fjellplantene vi har på Agder. Han er berre funne i Bykle på fyllittskifer mellom 1250 og 1300 m.

Fjellkvann

Angelica archangelica ssp. archangelica
Garden Angelica;
ArzneiEngelwurz

fjellkvann

Fjellkvann (Angelica archangelica ssp. archangelica) er ein særmerkt fjellplante som berre er funne i Bykle i Agderfylka. Etter blomstring døyr heile planta, og ho må formeire seg vidare med frø. Både rein og sau beiter på planta. Kvann er ein av dei eldste kulturplantene me kjenner i Norden, brukt både som grønsak, krydder og lækjeplante. Veks mellom 1040 og 1170 m o.h. Sjeldan.

Fjellkvitkurle

Pseudorchis straminea
White mountain orchid
 

Fjellkvitkurle

Fjellkvitkurle (Pseudorchis straminea) er ein orkidé med gulkvitt blomeaks som er jamntjukt mot toppen. Sterk vaniljelukt. Noko kalkkrevjande. Funne sør til Bygland og opp til 1290 m i Bykle. 

Fjellpestrot

Petasites frigidus
Arctic sweet coltsfoot
Arktische Pestwurz

Fjellpestrot

Fjellpestrot (Petasites frigidus) er ei av dei sjeldnaste fjellplantene vi har på Agder. Alt vi kjenner til er eit einaste gamalt funn frå Meien i Bykle. Blada likner på hestehovblad og dei to plantene er blitt forveksla. (Hestehov kan óg vokse høgt til fjells.) Fjellpestrot er særbu, med eigne hann- og hoplanter. Veks på kalkrik grunn (fyllittskifer i Bykle).

Fjellrundskolm

Anthyllis vulneraria ssp. lapponica
Kidney vetch
 

Fjellrundskolm

Fjellrundskolm (Anthyllis vulneraria ssp. lapponica) er ei fjellform (underart) av vanleg rundskolm frå låglandet. Planta er funne sør til Valle og opp til 1280 m i Bykle. Kalkkrevjande (på baserik grunn).

Fjellskrinneblom

Arabis alpina
Alpine Rock-cress;
Alpen-Gänsekresse

Fjellskrinneblom

Fjellskrinneblom (Arabis alpina) er ein noko kalkkrevjande plante som veks sør til Valle i Agderfylka. Ho likar seg best på fyllittskiferen i Bykle til 1289 m. Fjellskrinneblom liknar særs på vanleg hageskrinneblom som er ein innført hageplante.

Fjellsmelle

Silene acaulis
Moss Campion;
Stielloses Leimkraut

Fjellsmelle

Fjellsmelle (Silene acaulis) blømer med hundrevis av blomster på ei einaste tuve. Tuva er festa med ei særs kraftig pelerot, prøv ikkje å flytte ho! Vanlegast på fyllittskiferen nordvest i Bykle, opp til 1350 m o.h., men planta er óg funne sjeldan i Sirdal (Hunneknuten) og i Valle.

Fjellsyre

Oxyria digyna
Mountain Sorrel;
Säuerling

Fjellsyre

Fjellsyre (Oxyria digyna) skil seg frå dei vanlege syreplantene med at ho har nyreforma blad. Planta blei ett i alle delar av landetkor det var nok av ho, men truleg i lite mon her sør. Opp til 1334 m o.h. i Bykle og sør til Hægebostad og Bygland.

Fjelltistel

Saussurea alpina
Alpine Saw-Wort
Gemeine Alpenscharte

Fjelltistel

Fjelltistel (Saussurea alpina) høyrer heime i korgplantefamilien. Oftast er det blada uten blomeaks vi ser i fjellet, og lauvtistel er eit anna namn på planta. Blada er gråfilta på undersida. Vaniljelukt av blomane. Spreier seg sterkt med rotutlauparar. Trivst best på noko næringsrik (kalkrik) grunn, sør til Sirdal og Valle, opp til 1390 m i Bykle.

Fjellveronika

Veronica alpina
Rock Speedwell;
Felsen-Ehrenpreis

Fjellveronika

Fjellveronika (Veronica alpina) er ei fjellplante med små, blå blomar tett saman på toppen av ein stengel med motsette blad. Blomane opnar seg ikkje i dårleg vêr. Noko næringskrevjande, veks helst på snøleier, bekkekantar, fuktige enger, fjellbjørkeskog og vierkratt, men elles spreidd i snauheia sør til Sirdal og Bygland, og opp til 1300 m i Bykle.

Flekkmure

Potentilla crantzii
Alpine Cinquefoil;
Zottiges Fingerkraut

Flekkmure

Flekkmure (Potentilla crantzii) liknar svært på vanleg tepperot, men er kjenneteikna med noko større blomstrar, og kronblada har ein oransje flekk ved grunnen. Veks i store tuer med mange blomster. Næringskrevjande. Funne sør til Sirdal og Valle, og opp til 1350 m o.h. i Bykle. Vakker plante som spreier seg lett i fjellhagen.

Grønkurle

Coeloglossum viride
Green-bracted orchid
Grüne Hohlzunge

Grønkurle

Grønkurle (Coeloglossum viride) er ikkje akkurat den mest prangande orkidé du kan tenkja deg, men likevel er han ein ekte orkidé frå fjellet. Grønkurle stikk seg lett vekk i anna vegetasjon. Noko kalkkrevjande. Orkidéen er funne sør til Sirdal og Valle, og opp til 1230 m i Bykle.

Gulsildre

Saxifraga aizoides
Yellow Saxifrage;
Fetthennen Steinbrech

Gulsildre

Gulsildre (Saxifraga aizoides) er kalkkrevjande og likar å bli overrisla av kaldt fjellvatn. Bekkekantar er ein vanleg vokseplass. Planta er sjeldan og funne sør til Åseral og Valle, og opp til 1250 m o.h. i Bykle.

Harerug

Bistorta vivipara
Alpine bistort
Knöllchen-Knöterich

harerug

Harerug (Bistorta vivipara) er kjenneteikna med kvite, lubne blomeaks som også utviklar små yngleknoppar. Desse kan mange gonger spire i akset til små planter som så fell av og gror opp til nye individ. Ynglekonppane er etande. Harerug er spreidd i heiane, men helst på noko baserik grunn. Opp til 1475 m i Bykle. Særs sjeldan og trua i låglandet.

Kastanjesiv

Juncus castanea
Chestnut rush
Kastanien-Binse

Kastanjesiv

Kastanjesiv (Juncus castanea) lyt vera vår einaste representant for dei siva som veks på kalkrik grunn i fjellet. Det er absolutt det sivet som gjer mest ut av seg, med store, blanke og kastanjebrune frøkapslar. Planta er særs sjeldan, og fins berre mellom 1080 og 1180 m i Bykle.

Kjeldemarikåpe

Alchemilla glomerulans
Clustered lady's-mantle
 

Kjeldemarikåpe

Kjeldemarikåpe (Alchemilla glomerulans) er ei nokså vanleg marikåpe i fjellet. Ho veks i noko næringsrike sik, bekkekantar, fjellbjørkeskog, snøleier og rasmarker. I Agderfylka er ho funne sør til Sirdal og Bygland, og opp til 1289 m.

Lifiol

Viola canina ssp. nemoralis
Heath dog violet

lifiol

Lifiol (Viola canina ssp. nemoralis) er ein eigen fjellform (underart) av engfiol frå låglandet. Han veks i fjellet sør til Hægesbostad og Evje og Hornnes, og opp til 1289 m i Bykle. (I det botaniske tidskriftet Blyttia vert det i 2007 konkludert med at lifiol og engfiol ikkje kan skiljast frå kvarandre, det viser seg at det er ein og same art, engfiol.)

Raudsildre

Saxifraga oppositifolia
Purple Saxifrage;
Roter Steinbrech

Raudsildre

Raudsildre (Saxifraga oppositifolia) blømer i sørvende bergvegger og rasmarker så fort snøen har smelta. Planta kan hengje med lange skott nedover fjellet. Ikkje vanleg, sør til Farsund, Hægebostad, Evje og Hornnes og Åmli, opp til 1230 m o.h. i Bykle.

Reinrose

Dryas octopetala
Mountain Avens;
Silberwurz

Reinrose

Reinrose (Dryas octopetala) er lett kjenneleg med 8 kronblad og glinsande blad som kan minne om eikeblad. Ho veks titt i tette bestand, kalkkrevjande, sjeldan, i dag berre kjend mellom 980 og 1310 m o.h. i Bykle. Islands nasjonalblomst.

Rosenrot

Rhodiola rosea
Roseroot;
Rosenwurz

Rosenrot

Rosenrot (Rhodiola rosea) har eigne hann- og hoplanter. Krona er gul (biletet) og fruktene vakkert raude. Rotstokken er tjukk og greina og gul inni. Planta har hatt ein allsidig bruk i folkemedisinen. Rosenrot blir tatt inn i hagane og er vanleg planta på gravene. Opp til 1350 m o.h. i Bykle, finst óg på den ytre kyststripa.

Setermjelt

Astragalus alpinus ssp. alpinus
Alpine milkvetch
Alpen-Tragan

Setermjelt

Setermjelt (Astragalus alpinus ssp. alpinus) veks i kalkrike høgstaudelier og rasmarker mellom 850 og 1289 m berre i Bykle i Agderfylka.

Snøsøte

Gentiana nivalis
Alpine gentian
Schnee-Enzian

Snøsøte

Snøsøte (Gentiana nivalis) har ikkje store blomar, men når dei opnar seg i solskin er dei ei openberring i blått! Planta er ettårig, og må difor lita på frø for den neste generasjonen. Veks på baserik (kalkrik) grunn. I Agderfylka berre i Bykle mellom 950 og 1230 m. Sjeldan.

Svartstorr

Carex atrata
Black alpine sedge
Trauer-Segge

Svartstorr

Svartstorr (Carex atrata) er lett kjenneleg på dei lubne og hengjande aksa. Planta er noko næringskrevjande, og er funne spreidd sør til Kvinesdal og Bygland. Svartstorren spreier seg lett i fjellhagen.

Svarttopp

Bartsia alpina
Alpine Bartsia;
Alpenhelm

Svarttopp

Svarttopp (Bartsia alpina) er sørgjeplanta på fjellet. Ho ser noko mørk og dyster ut, og Linné ga ho namnet Bartsia på latin for å minnast sin ven Bartsch som døde altfor tidleg. Planta er særmerkt med at ho snyltar med røtene på andre planter (halvparasitt). Bestøva av humler, set rikeleg med frø. Svarttopp er funne spreidd sør til Sirdal og Valle, og opp til 1350 m o.h. i Bykle.

Tuvesildre

Saxifraga cespitosa
Tufted saxifrage;
Teppich-Steinbrech

Tuvesildre

Tuvesildre (Saxifraga cespitosa) veks i tette tuver med ei hovudrot, helst på kalkrik grunn, i rasmarker, grus og liknande. Tuvesildre er funne spreidd i Bykle til 1230 m o.h. og ein plass i Sirdal. Ho er lett å dyrke og spreier seg fleire plassar i Ljosland fjellhage.