Kalkfattig fjellhei - Snauheia

Fjellheia finst i dei alpine områda over fjellbjørkeskogen. Fjellhei er stort sett ein naturleg vegetasjonstype, og er prega av eit lågtveksande vegetasjonsdekke.

Heiane har vore nytta på tradisjonell vis i mange hundre år til jakt, fiske, beite og slått. Stølsdrift vart driven frå omkring 1700-talet og fram til cirka 1950. Sidan har heiane vore påverka av sur nedbør og vasskraftutbygging. Det store talet sauer som sleppast på sommarbeite, har også stor innverknad på plantelivet.


Unntatt fyllittskiferen nordvest i Bykleheiene, er heiane prega av harde bergartar som gir lite næring til planteveksten. Det lågtveksande plantedekket på fjellheia består derfor av eit fåtal vanlege artar. Fleire av desse plantane finst også i låglandet. Denne delen viser nokre av artane som er typiske for næringsfattig og kalkfattig snaufjell på Agder.

Plantane under blir presenterte med norske, latinske, engelske og tyske namn.

Foto: ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Per Arvid Åsen

Kalkfattig fjellhei er merka som nummer 6 på kartet.

 

Aksfrytle

Luzula spicata
Spiked woodrush;
Ähren-Hainsimse

aksfrytle

 

Blålyng

Phyllodoce caerulea
Blue Heath;
Bläuliche Moosheide

blålyng

Blålyng (Phyllodoce caerulea) har eit bladverk som minner om krekling, men planta er lett kjenneleg i blomstring. Blålyng krev godt snødekkje om vinteren, ho veks ofte saman med blåbærlyng. Finst spreidd i snauheia sør til Hægebostad og Bygland, og opp til 1380 m o.h.

Dverggråurt

Omalotheca supina
Alpine arctic-cudweed;
Zwerg-Ruhrkraut

dverggråurt

Dverggråurt (Omalotheca supina) er ei lita plante som ikkje gjer noko særleg av seg. Ho er ei gråfilta fjellplante som veks i små. tette tuver, oftast mange i saman, og helst i snøleier. Vanleg i snauheia opp på dei høgste toppane (t.d. Sæbyggjenuten i Bykle 1490 m) og sør til Hægebostad og Bygland.

Fjelleiner

Juniperus communis ssp. alpina
Alpine Juniper;
Gebirgs-Wacholder

fjelleiner

Fjelleiener (Juniperus communis ssp. alpina) er ein eigen fjellform av eineren frå låglandet. Han er mest ein krypande, låg busk, tett attmed fjellet. Nålene er båtforma og ikkje særleg kvasse. Fjelleiner er særs vanleg i heile fjellet, opp til 1442 m o.h. i Setesdalsheiane.

Fjellfølblom

Scorzoneroides autumnalis var. pratensis
Autumn Hawkbit;
Herbstlöwenzahn

Fjellfrøblom

Fjellfølblom (Leontodon autumnale var. taraxaci) veks i sik, på bekkekantar og snøleier i snauheia. Planta er ei eiga fjellform av følblom i låglandet. Sør til Sirdal og Bygland og opp til 1300 m i Bykle. Noko næringskrevjande.
Obs: Finnes for tiden ikke i fjellhagen. 

Fjellgullris

Solidago virgaurea ssp. lapponica
Goldenrod;
Goldrute

fjellgullris

Fjellgullris (Solidago virgaurea ssp. lapponica) er ein eigen fjellform av det vanlege gullriset frå låglandet. Fjellgullris er særs vanleg i fjellet, til heilt opp på den høgste toppen, Sæbyggjenuten 1503 m o.h. i Bykle. Planta er lite næringskrevjande.

Fjelljamne

Diphasiastrum alpinum
Alpine Clubmoss;
Alpen-Flachbärlapp

fjelljamne

Fjelljamne (Diphasiastrum alpinum) er lett kjenneleg på ein blågrøn farge og sporeaks istadenfor blomar. Er blitt brukt til plantefarging, mellom anna til beit, for at garnet skulle ta fargane betre og som eige fargeemne. Vanleg i snauheia frå Bygland og nordover, til 1455 m o.h.

Fjellmarikåpe

Alchemilla alpina
Alpine lady's-mantle;
Alpen-Frauenmantel

Fjellmarikåpe

Fjellmarikåpe (Alchemilla alpina) er den einaste av alle våre marikåper som er lett å bestemme! Blada er delte heilt inn til stilken. Fjellmarikåpe har blitt brukt som lækjeplante (omslag på svull). Særs vanleg i snauheia og opp dei høgste toppane (1500 m o.h.)

Fjellsvæve

Hieracium alpinum
Alpine hawkweed;
Alpen-Habichtskraut

fjellsveve

Fjellsvæve (Hieracium alpinum) er ei særmerkt svæve som veks mange plassar på snauheia, men óg noko ned i fjellbjørkeskogen, ho finst mellom 565 og 1485 m o.h. Ho lyser opp med store gule korger.

Fjelltiriltunge

Lotus corniculatus var. borealis
Bird’s-foot trefoil;
Gewöhnliche Hornklee

fjelltiriltunge

Fjelltiriltunge (Lotus corniculatus var. borealis) er ei fjellform av vanleg tiriltunge frå låglandet. Sjølve krona hos fjelltiriltunge er noko lengre enn hos vanleg tiriltunge. Fjellforma veks oftast i noko næringsrike, varme lyngbakkar på snaufjellet, sør til Valle, opp til 1250 m i Bykle.

Fjelltjæreblom

Viscaria alpina
Red Alpine catchfly;
Alpen-Lichtnelke

fjelltjæreblom

Fjelltjæreblom (Viscaria alpina) veks oftast på toppane i snauheia. Her lyser ho opp i eit elles grått steinlandskap med lite anna vegetasjon. Fjelltjæreblom kan også vera ein indikator på tungmetall i grunnen, t.d. veks ho rikeleg på slagghaugane etter molybdengruvene ved Langevatn i Bykle. Veks heilt opp på Sæbyggjenuten i Bykle 1505 m. (Fins også i skjærgarden.)

Fjellveronika

Veronica alpina
Rock Speedwell;
Felsen-Ehrenpreis

fjellveronika

Fjellveronika (Veronica alpina) er ei fjellplante med små, blå blomar tett saman på toppen av ein stengel med motsette blad. Blomane opnar seg ikkje i dårleg vêr. Noko næringskrevjande, veks helst på snøleier, bekkekantar, fuktige enger, fjellbjørkeskog og vierkratt, men elles spreidd i snauheia sør til Sirdal og Bygland, og opp til 1300 m i Bykle.

Geitsvingel

Festuca vivipara
Viviparous sheep's-fescue;
Brutknospen-Schwingel

geitsvivel

Geitsvingel (Festuca vivipara) er eit fjellgras som har vivipar og noko mørk fiolett topp. Vivipar tyder her at det ikkje dannast frø i akset, men små nye grasplanter (sjå biletet). Geitsvingel er eit nokså vanleg gras i snauheia, særleg på toppane, opp til 1500 m i Bykle og sør til Sirdal og Bygland. (Også sjeldan i kysthei frå Mandal og vestover.)

Hestespreng

Cryptogramma crispa
Parsley Fern;
Krauser Rollfarn

hestespreng

Geitsvingel (Festuca vivipara) er eit fjellgras som har vivipar og noko mørk fiolett topp. Vivipar tyder her at det ikkje dannast frø i akset, men små nye grasplanter (sjå biletet). Geitsvingel er eit nokså vanleg gras i snauheia, særleg på toppane, opp til 1500 m i Bykle og sør til Sirdal og Bygland. (Også sjeldan i kysthei frå Mandal og vestover.)

Moselyng

Harrimanella hypnoides
Moss bell heather;
Moosheide

moselyng

Moselyng (Harrimanelle hypnoides) ber namnet sitt med rette, var det ikkje for dei små blomane, ville me tru at planta var ein mose. Ho veks på snølæger. Moselyng er sjeldan i Sirdalsheiane, meir vanleg i Setesdalheiane sør til Valle.

Musøyre

Salix herbacea
Dwarf Willow;
Kraut-Weide

musøre

Musøre (Salix herbacea) er den minste vieren me har på Agder, nokre få centimeter stor. Trivst særs godt i snølæger. God beiteplante for rein og sau. Veks heilt opp på dei høgste toppane (Sæbyggjenuten 1507 m o.h.) og sør til Hægebostad og Bygland.

Rabbesiv

Juncus trifidus
Highland rush;
Dreiblatt-Binse

rabbesiv

Rabbesiv (Juncus trifidus) er kjenneteikna med tette tuver av noko raudbrune strå. Veks oftast på forblåste rabbar og tørre, skrinne stader, heilt sør til Flekkefjord, Hægebostad og Bygland, og opp til 1500 på Sæbyggjenuten i Bykle.

Rypebær

Arctous alpinus
Alpine bearberry;
Alpen-Bärentraube

rypebær

Rypebær (Arctous alpinus) er kommuneblomen i Sirdal. Ho blomstrar så tidleg med så små blomar bland visne blad at den tidlege fjellvandraren knapt legg merke til dei. Det er nok heller raudfargen om hausten som syner planta. Rypene ét dei svarte og smaklause bæra.

Røsslyng

Calluna vulgaris
Common heather;
Besenheide

røsslyng

Røsslyng (Calluna vulgaris) er kåra som nasjonalblomen i Noreg. Det er også kommuneblomen i Lindesnes. Men røsslyng er også ein vanleg plante i varme lyngbakkar høgt opp i snaufjellet, heilt opp til 1360 m i Bykle. Veks naturleg i fjellhagen.

Setergråurt

Omalotheca norvegica
Highland Cudweed;
Norwegischer Ruhrkraut

setergråurt

Setergråurt (Omalotheca norvegica) gjev ikkje så mykje av seg. Heile planta er grå av fine hår. Blomane er heller ikkje det me fyrst legg merke til. Dei nedste blada er kjenneteikna med tre nervar. Finst ofte på kulturmark, t.d. setervollar, spreier seg lett i fjellhagen. Veks søt til Hægebostad og Bygland.

Søterot

Gentiana purpurea
Purple Gentian;
Purpur-Ensian

søterot

Søterot (Gentiana purpurea) er kommuneblomen i Bykle. Smakar du på søterot, gløymer du ikkje smaken så lett! Han er særs bitter og sit lenge på tunga. Namnet søterot er ironisk, det var nok for å blidgjere vettene i planta ho blei kalla dette. Ingen anna plante har slik farge på blomen. Lækjeplante. Finst spreidd sør til Åseral og Bygland mellom 560 og 1350 m o.h.

Trefingerurt

Sibbaldia procumbens
Creeping sibbaldia;
Gelbling

trefingerurt

Trefingerurt (Sibbaldia procumbens) er ei lita fjellplante som ikkje gjer mykje av seg. Blomane er små, me kan knapt sjå dei der dei sit i tette nyste. Planta er særs vanleg i snøleier på snaufjellet til 1500 m og sør til Åseral og Bygland.

Greplyng

Loiseleuira procumbens
Trailing Azalea;
Alpenazalee

greplyng

Greplyng (Loiseleuira procumbens) er kommuneblomen i Åseral. Planta blomstrar så tidleg som i juni i dei lågaste fjellpartia, sør til Kvinesdal, Hægebostad og Bygland. Greplyng er ein gamal lækjeplante, noko namnet grep tyder – knuterosen. Særs vanleg på tørre og forblåste lyngrabbar i snauheia.