Høgstaudeeng

Ved utgongen av fjellhagen har fått plass til nok eit bed med høge stauder. Her syner vi óg stuader som ikkje veks naturleg på Agder, til dømes ballblom og fjellflokk.

Frodige høgstaudeenger finst også over tregrensa, på såkalla sørbergslokalitetar. Slike områda finn ein i varme, sørvendte lier og under bratte, sørvendte berg. I denne avdelinga veks høgstaudar frå og utanfrå Agder.

Plantane under blir presenterte med norske, latinske, engelske og tyske namn.

Foto: ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Per Arvid Åsen

Høgstaudeng (saman med andre fjellplanter) er merka som nummer 14 på kartet. Du finner og høgstauder merka på nummer 7 under høgstaudeeng i fjellbjørkeskog.

 

Ballblom

Trollius europaeus
Globeflower;
Trollblume

Ballblom

Ballblom (Trollius europaeus) har ei noko austleg utbreiing i Noreg, og fins i høgstaudeeng opp til snaufjellet til Finnmark. Ikkje Agder. Ballblom er óg brukt som staude i hagane og forvillar seg. Ei ballblomeng i full bløming er eit vakkert syn!

Fjellflokk

Polemonium caeruleum
Jacob´s-ladder;
Himmelsleiter

Fjellflokk

Fjellflokk (Polemonium caeruleum) veks vill i høgstaudeeng på noko baserik (kalkrik) grunn i fjellstrøk i Sør-Noreg og i kyststrøk i Trøndelag og Nord-Noreg til Finnmark iflg. Lids Flora 2005. Ikkje Agder. Men planta er mykje brukt som staude, og forvillar seg frå hagane. Gamal lækjeplante, brukt m.a. mot hundegalskap iflg. Fægri i Norges Planter.

Raud jonsokblom

Silene dioica
Red Campion;
Rote Lichtnelke

raud jonsokblom

Raud jonsokblom (Silene dioica) er fast inventar i alle høgstaudeenger. Planta er særbu med oppblåst beger hos hoplanta, men ikkje hos hannplanten. Hoplanta set rikeleg med frø og spreier seg lett. Raud jonsokblom er funne til 1250 m o.h. i Bykle

Skogstjerneblom

Stellaria nemorum
Wood Stitchwort;
Wald-Sternmiere

Skogstjerneblom

Skogstjerneblom (Stellaria nemorum) veks typisk i tette bestand i høgstaudeliene. Breier seg med krypande tæger frå stengelgrunnen. Saftige stenglar som veks i hop med kvarandre og i andre planter. Planta veks opp på snaufjellet, til 1100 m o.h. i Bykle.

Turt

Cicerbita alpina
Alpine Blue-sow-thistle;
Alpen-Milchlattich

turt

Turt (Cicerbita alpina) er vanleg i høgstaudeliene i det meste av Noreg. I Agderfylka er planta funne sør til Hægebostad, Vennesla og Iveland. I Bykle veks ho opp til 1290 m o.h. Høgderekord i Noreg er 1460 m o.h. i Lærdal iflg. Lids flora (2005).

Tyrihjelm

Aconitum lycoctonum ssp. septentrionale
Wolfsbane;
Nordischer Eisenhut

Tyrihjelm

Tyrihjelm (Aconitum lycoctonum ssp. septentrionale) er ein særmerkt høgstaude som veks i rike lier i fjellbjørkeskogen. Noko austleg utbreiing i Noreg, nord til Troms. Planta er særs giftig, og dyr et ho ikkje. Fins berre i Bykle mellom 780 og 1130 m o.h. i Agderfylka. Eit gamalt folkeleg namn på planta i Bykle er furreme. Lækjeplante, m.a. mot utøy på folk pg fe. Trolldomsurt.