Høgstaudeskog og eng

Fjellbjørkeskogen er overgangen mellom låglandet og snaufjellet. Breidda på bjørkeskogen varierer. Beite og stølsdrift gjennom fleire hundre år har også påverka utstrekninga, særleg oppover. No fører klimaendringane til at skoggrensa flyttar seg oppover. I dag ligg skoggrensa i Åseral på 700-750 moh. Heilt nord i heiområdet, på Hovden i Bykle, veks bjørkeskogen opp til ca. 990 moh.

På lokalitetar med god tilgang på næring og vatn, kan det utvikle seg eit frodig samfunn med høge staudeplanter, kalla høgstaude-fjellbjørkeskog. Slike skogar er eit av dei mest produktive naturlege plantesamfunna vi har i Noreg. Staudeplante er fleirårige urter/plantar med blad som visnar ned om hausten - røtene overvintrar. Når slike frodige område finst over tregrensa, kallar vi dei høgstaudeenger. Oftast finn vi desse i ein varm, sørvendt bakke under bratte fjellstup.


Dei finaste høgstaudeengene i fjellet på Agder finn vi i Bykle. På Agder er det berre her fjellkvann og tyrihjelm veks. Andre typiske artar er fjellburkne, myskegras, skogstjerneblom, fjellforglemmegei, gullris, kvitbladtistel, geitrams, vendelrot, sløke, engsyre og turt.

Plantane under blir presenterte med norske, latinske, engelske og tyske namn.

Foto: ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Per Arvid Åsen

kart over plantesamlingene
Høgstaudeen i fjelljørkeskog er merka som nummer 7 på kartet. 

Fjellburkne

Athyrium distentifolium
Alpine Lady-fern;
Gebirgs-Frauenfarn

fjellburkne

Fjellburkne (Athyrium distentifolium) finst titt i tette bestand i lier og urder der snøen ligg lenge. Vanleg i fjellet sør til Lyngdal og Bygland og opp til Sæbyggjenuten 1405 m o.h. i Bykle. Fjellburkne har runde sporehopar under blada. I låglandet veks den brålike skogburkna med avlange sporehopar.

Fjellminneblom

Myosotis decumbens
Alpine Forget-me-not;
Niederligendens Vergissmeinnicht;

fjellminneblom

Fjellminneblom (Myosotis decumbens) liknar mykje på dyrka skogminneblom frå hagane i låglandet, men skiljast frå sistnemde ved at begeret er kortare enn kronrøyret. Planta er fleirårig, ikkje vanleg. Noko næringskrevjande. Veks i høgstaudelier i fjellbjørkeskogen frå 1190 m o.h. i Bykle og sør til Åseral og Bygland.

Geitrams

Chamaenerion angustifolium
Rosebay willowherb
Schmalblättriges Weidenröschen

Geitrams

 

Fjellgullris

Solidago virgaurea ssp. lapponica
Goldenrod;
Goldrute

Fjellgullris

Fjellgullris (Solidago virgaurea ssp. lapponica) er ein eigen fjellform av det vanlege gullriset frå låglandet. Fjellgullris er særs vanleg i fjellet, til heilt opp på den høgste toppen, Sæbyggjenuten 1503 m o.h. i Bykle. Planta er lite næringskrevjande. Kan vokse seg nokså stor og frodig i næringsrike høgstaudeenger.

Kranskonvall

Polygonatum verticillatum
Whorled Solomon's-seal
Quirlblättrige Weißwurz

Kranskonvall

Kranskonvall (Polygonatum verticillatum) veks titt tett saman i bestand i frodige lier frå låglandet og opp på fjellet. Noko næringskrevjande. Dei mørkeraude bæra blir ete av fugl og spreidd. Blada sit i kranser oppetter stilken.

Kvitbladtistel

Cirsium heterophyllum
Melancholy Thistle;
Verschiedenblättrige Kratzdistel

Kvitbladtistel

Kvitbladtistel (Cirsium heterophyllum) er ein kraftig staude med stort spreiingspotensial. Plant inn ein kvitbladtistel i hagen din – og snart har du ein stor bestand! Han spreier seg uhemma med utlauparar. Blada er kvitfilta på undersida og har vore mykje brukt i norsk folkemedisin, særleg som sårmiddel. Noko næringskrevjande. Frå låglandet og opp til 1290 moh.

Kvitsoleie

Ranunculus platanifolius
Large White Buttercup;
Platanenblättriger Hahnenfuss

Kvitsoleie

Kvitsoleie (Ranunculus platanifolius) er ei høgreist plante med kvite blomar i sterk kontrast mot grønt bladverk. Noko næringskrevjande. Trivst godt i rike lier i fjellbjørkeskogen. Er funne sør til Hægebostad og Evje og Hornnes, og opp til 1280 moh. Planta er óg dyrka i hagar.

Myskegras

Milium effusum
Wood Millet;
Flattergras

Myskegras

Myskegras (Milium effusum) er eit særmerkt gras i høgstaudeliene. Meterhøgt, dei elegante aksa rager over gråvierane. Luktar godt i tørr tilstand. Funne opp til 1170 moh.

Raud jonsokblom

Silene dioica
Red Campion;
Rote Lichtnelke

Raud jonsokblom

Raud jonsokblom (Silene dioica) er ein særs vakker blome med sterke fargar! Planta er særbu med oppblåst beger hos hoplanta, men ikkje hos hannplanten. Raud jonsokblom er funne til 1250 m o.h. i Bykle

Skogstorkenebb

Geranium sylvaticum
Wood Crane’s-bill;
Wald-Storchschnabel

Skogstorkenebb

Skogstorkenebb (Geranium sylvaticum) er vanleg frå fjøra og opp på snaufjellet til 1350 moh. Planta er særs vanleg i høgstaudelier og veks ofte i større bestand. Gjev garn gul farge. Brukt mot gikt i folkemedisin.

Taggbregne

Polystichum lonchitis
Holly-fern;
Lanzen-Schildfarn

Taggbregne

Taggbregne (Polystichum lonchitis) er ei stiv bregne. Ho er næringskrevjande og veks helst i frodige lier, høgstaudeenger og rasmark i fjellet. Bregna veks sør til Hægebostad og Kristiansand, og opp til 1350 moh.

Turt

Cicerbita alpina
Alpine Blue-sow-thistle;
Alpen-Milchlattich

turt

Turt (Cicerbita alpina) er ei vill plante i Noreg, men folk har tatt ho inn i hagane sine, sikkert på grunn av dei fine, blå blomane. Den ville planta er funne sør til Hægebostad, Vennesla og Iveland i Agder. Tidlegare brukt til mat når det kneip. I Bykle veks ho opp til 1290 m o.h

Vendelrot

Valeriana sambucifolia
Common valerian
Holunderblättrige Baldrian

Vendelrot

Vendelrot (Valeriana sambucifolia) er utbreidd frå fjøra og heilt opp på snaufjellet, til 1290 moh. Planta likar seg i rike høgstaudelier. Gamal lækjeplante, t.d. valerianadråpar som nervemedisin.

Sløke

Angelica sylvestris
Wild angelica
Wald-Engelwurz

Sløke

Sløke (Angelica sylvestris)