Historikk

Initiativet til prosjektet Ljosland Fjellhage vart teke av Åseral hagelag i 1994. Ideen vart utvikla i samarbeid med Agder Naturmuseum og Botaniske Hage. I tillegg har Det norske Hageselskap, Ljosland Fjellstove og andre ressurspersonar vore med i planlegginga. Familien Eriksen i Åseral har gjort ein stor innsats. Agder Naturmuseum og Botaniske Hage har vore og er fagleg ansvarleg for prosjektet.

Den første synfaringa til Ljosland fjellhage var i 1994, 5 år seinare, 27.06.1999, var det offisiell opning av hagen av Statsråd Jon Lilletun. 

 

Tilbakeblikk

Frå den første synsfaringa i 1994.

Fra den første befaringa i 1994

Plantane vart oppbevarte i fiskekasser før den første utplantinga.

Plantane vart oppbevarte i fiskekasser før den første utplantinga.

Ovin og Heideros Udø (frå Naturmuseum og botanisk hage, tidlegare Agder naturmuseum og botanisk hage) og Egil Eriksen (frå Åseral) er klare med plantar for utplanting. Ca 1998.

Ovin og Heideros Udø og Egil Eriksen er klare med plantar for utplanting. Ca 1998.

Egil Eriksen frå Åseral stod for det meste av anleggsarbeidet.

Egil Eriksen frå Åseral stod for det meste av anleggsarbeidet.

Fædrelandsvennen, onsdag 4.oktober 2000

Fædrelandsvennen, onsdag 4.oktober 2000

Ovin Udø betrakter det ferdige resultatet, frå den kalkrike rasmarka.

Ovin Udø betrakter det ferdige resultatet, frå den kalkrike rasmarka

Velkommen inn! Ljosland fjellhage vart offisielt opna i 1999 av statsråd Jon Lilletun.

Velkommen inn! Ljosland fjellhage vart offisielt opna i 1999 av statsråd Jon Lilletun.

Publisert 2. feb. 2024 - Sist endret 2. feb. 2024