Eg arbeider for tida med mitt doktorgradsprosjekt Samskriving med digitale ressursar i klasserommet, som er planlagt ferdigstilt i 2022. Eg er særleg interessert i å undersøke samspelet mellom teknologi og elevar, både frå eit undervisningsperspektiv og slik elevene sjølv opplever det. Til trass for at samskriving med digitale ressursar er ein vanleg aktivitet i mange norske klasserom i dag, er det lite forska på i denne konteksten. Formålet med prosjektet er å bidra med meir kunnskap om digital skriving for på den måten å få ein bevisst bruk av teknologi i skolen.
I denne perioden er eg også del av ei forfattargruppe som skriv Appell, eit nytt norskverk for vidaregåande skole frå Gyldendal forlag. VG1-boka vart utgitt våren 2020 og VG2/VG3 i 2021. Eg har bl.a. hatt ansvaret for å skrive språkdelen av desse bøkene.
Tidlegare har eg skrive to diktsamlingar, eg har jobba som norsklektor i vidaregåande skole, og ein del år som prosjektleiar og mellomleiar i det private næringslivet.
Master i nordisk språk- og litteraturvitskap (UiA, 2006)
Master i organisasjon og leiing (NTNU, 2013)
Børresen, Pål Fredrik; Jomisko, Anne Lise; Longva, Ida Carine; Sørhaug, Jon Olav; Aasbrenn, Ingeborg.
Appell VG1 SF Norsk. Gyldendal Undervisning 2020 (ISBN 978-82-05-51855-1) 357 s.
Eksamenordninga står for fall. Kronikk i Fædrelandsvennen 11.desember 2020.
Det vi tenker på når vi tenker på skriftleg eksamen. Omtale av artikkelen "Elevperspektiv på eksamensoppgavene i norsk skriftlig" av Audhild Norendahl og Agnete Bueie. I: Norsklæreren 4, 2019.
7 grep (14 s.) i boka 101 Ways to work with Communicative Skills. Burner, T., Carlsen, C. & Kverndokken, K. (red.). ISBN: 9788245026597. Fagbokforlaget, 2019.
Når ein engel går gjennom klasserommet: Vegar og omvegar mot ein meir performativ litteraturdidaktikk. Nordisk Tidsskrift for Pedagogikk Og Kritikk, 4, 2018. https://doi.org/10.23865/ntpk.v4.1130
21 grep (42 s.) i boka 101 Litteraturdidaktiske grep. Kverndokken, K. (red.). ISBN: 9788245023824. Fagbokforlaget/LNU, 2018.
– Gi oss en vanlig bok! Om lesevanar og digitale forventningar i det teknologitette klasserommet. Utdanningsforsking.no/Bedre Skole 4, 2018.
- Eg lærte eit par nye ord på nynorsk i tillegg. Om samarbeidslæring i nynorsken. Norsklæreren 1, 2018.
- Fy da! Det er jo Khomeini. Om å bruke bilde i undervisninga om islam. Religion og livssyn 2, 2017.
- Hallo! Kven er sjefen her? Om det som skjer når læraren møter bråkeklassen, og kva ein kan gjere med det. Lektorstudentene 2017.
Det blinde punktet. Diktsamling. ISBN: 9788252174649. Det Norske Samlaget, 2010.
Du finst i bølgjene. Diktsamling. ISBN: 9788252170344. Det Norske Samlaget, 2007.
Sist endret: 1.02.2021 09:02