Studentar i forskningsprosjekt

Studentar i forskingsprosjekt er ei intern støtteordning med mål om å stimulere fleire studentar til å delta aktivt i forskingsprosjekt, og få fleire forskingsprosjekt til å engasjere studentar.

Kontaktperson:

Bilde av Øyvind Nystøl
Seniorrådgiver
E-post
oyvind.nystol@uia.no
Telefon
+47 38 14 10 77

Søknadsfrist er 1. oktober. Studentaktiviteten skal vere avslutta og blogg-innlegg publisert innan 10.12.

Å involvere fleire studentar i forskingsprosjekt vil kunne gje vinningar på mange nivå, både ved å heve studentars kunnskap om forsking generelt og kjennskap til forsking ved UiA spesielt, ved å forbetre støtta i forskingsprosjekt, samt lettare rekruttere gode studentar til vidare forskingskarriere.

Støtta skal berre nyttast til kostnader relatert til studenten, som for eksempel reisekostnader, løn eller liknande.

NB: Bloggen ligg førebels på UiAs førre publiseringsløysing (frå april 2024).

Gå til studentblogg

Meir om ordninga

Formålet med ordninga er å gi studentane kunnskap og erfaring med forskings- og innovasjonsarbeid gjennom å vere vitskaplege assistentar i igangverande forskings- og innovasjonsprosjekt. Deltaking blir kravd av studentane si eiga interesse for å utvide kunnskaps- og erfaringshorisonten sin og inngår ikkje i ordinære utdanningsprogram.

Det kan søkjast om opptil kr. 20 000,- pr prosjekt, uavhengig av kor mange studentar som deltek i prosjektet. Midlane skal kunne dekkje kostnader direkte til studenten(e) aktiviteten sin i prosjektet, som til dømes lønn, reiser, konferansedeltaking, etc. Hver student skal, snarast etter prosjektslutt, levere eit kort blogginnlegg på bloggen. Blogginnlegget skal beskrive kva oppgåver studenten var deltok i, og kva læringsverdi prosjektdeltakinga har hatt. Siste frist for å publisere blogginnlegget er 10. desember. 

 

Publisert 5. apr. 2024