Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Ny studie: Supergen hjelper torsken å tilpasse seg miljøendringar

I 2016 fann forskarar frå Universitetet i Agder ut at torsken har supergen. No har dei også funne ut kva torsken bruker supergena til. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

På bildet vert DNA trekt ut (ekstrahert) av torskevev. Supergen i torsken gjer han meir tilpassingsdyktig og robust, men resten av genmaterialet har lite variasjon og er prega av innavl. Det kjem fram i ein ny studie leia av forskarar frå Universitetet i Agder. (Foto: Esben Bierud)

På bildet vert DNA trekt ut (ekstrahert) av torskevev. Supergen i torsken gjer han meir tilpassingsdyktig og robust, men resten av genmaterialet har lite variasjon og er prega av innavl. Det kjem fram i ein ny studie leia av forskarar frå Universitetet i Agder. (Foto: Esben Bierud)

Supergena i torsken gjer han meir tilpassingsdyktig til endringar i havmiljøet, slik som saltinnhald, temperatur og anna utvikling av økosystemet i havet.

– Vi har ikkje visst tidlegare at supergena i torsken har ei så viktig oppgåve som den nye studien vår viser, seier Marte Sodeland.

Ho er forskar ved Universitetet i Agder (UiA) og er ein del av Senter for kystsoneøkologi, eitt av dei prioriterte forskingssentra ved UiA.

Sodeland har samarbeidd tett med andre forskarar frå UiA og frå Havforskingsinstituttet, Universitetet i Oslo og Universitetet i Gøteborg om ein ny studie som viser korleis supergena til torsken fungerer.

– Det er ikkje påvist før at supergenet til torsken gjer han meir robust overfor endringar havet, seier Sodeland.

Supergen i mange artar

Supergen finst i mange artar, men forskargruppa frå UiA var først ute med å beskrive desse gena i torsk. Funnet vart første gong presentert i ein studie frå 2016.

Sidan den gongen har fleire forskargrupper på begge sider av Atlanterhavet gjort studiar om supergen i torsk. Men ikkje før no vert det vist kva for oppgåver supergenet har. Den ferske studien vart publisert i forskingsmagasinet PNAS no i februar 2022.

Ei samankopling av gen

– Eit supergen er ei samankopling av mange gen. Frå nokre titals til fleire hundre ulike gen kan vere kopla saman i eitt supergen, seier Sodeland.

Totalt er det funne fire supergen i torsk. Tre av dei finst i torsken i Nordsjøen og Skagerrak, mens det fjerde skil denvandrande skreien i nord frå den stadbundne torsken.

Dei ulike supergena har kvar sine samankoplingar av gen.

Sodeland og hennar kollegaer har henta genmaterialet i torsken frå 16 ulike stader i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Dei har både vore langt til havs og inne i fjordane.

UiA-forskaren Marte Sodeland var med og oppdaga supergen i torsk i 2016. I ein ny studie viser ho og forskarkollegaene hennar kva for oppgåver supergena har. (Foto: Marte Sodeland)

UiA-forskaren Marte Sodeland var med og oppdaga supergen i torsk i 2016. I ein ny studie viser ho og forskarkollegaene hennar kva for oppgåver supergena har. (Foto: Marte Sodeland) 

DNA-forsking på biologisk mangfald

Som genetikar bruker Sodeland DNA frå torsk og andre artar når ho studerer graden av genetisk variasjon.

Biologisk mangfald dreiar seg om talet på artar som finst, men forskaren minner om at det er like viktig å ha stor variasjon i genmaterialet innanfor dei enkelte artane.

– Det er variasjonen i gena innanfor arten sjølv som avgjer om han vil kunne tilpasse seg komande endringar i miljø og klima. Genetisk variasjon gjer arten robust, seier ho.

Supergena taklar endring

– Fordelen med supergena er at dei gjer torsken meir mangfaldig. Dermed vert han meir tilpassingsdyktig og betre rusta for endring i havet, seier Sodeland.

Når supergena vert vidareført til neste torske-generasjon, overtek torsken tre supergenpakkar, spesialutvikla for å tilpasse seg ulike miljø i havet.

– Supergena gjer det mogleg for torsken å tilpasse seg havområde med ulikt saltinnhald og ulike temperaturar. Miljøet varierer mykje i havet. Frå år til år kan det same havområdet, eller den same fjorden, ha heilt ulik temperatur og saltinnhald, seier forskaren.

Oppløftande funn

Årlege svingingar i havet påverkar ikkje berre torsken, men har mykje å seie for heile økosystemet. Til dømes kan organismar som gir sjukdom og tilgang på føde variere frå år til år.  

Slike endringar kan supergena hjelpe torsken å takle.

– Miljøet ein fjord eller eit anna havområde kan endre seg frå år til år. Men når ei heil gruppe med torsk har supergen, får vi ein fiskebestand med stor variasjon. Dette gjer torsken meir tilpassingsdyktig og aukar sjansen for at fleire torsk overlever, seier Sodeland.

Innavl øydelegg

Det andre hovudfunnet frå den nye studien er mindre oppløftande. Mens supergena kan sikre mangfald, variasjon og nye torskebestandar, er resten av gena til torsken prega av lite variasjon.

Ifølgje forskaren kjem det av at det er for få torsk i havet og dermed for mykje innavl blant fisken.

– Torsk er stadig utsett for overfiske både i fjordane og ute på havet. Og til liks med andre artar i havet og på landjorda, vert òg torsken i stor grad påverka av oss menneske. For at torskestammen skal kunne auke, må vi rett og slett fiske mindre torsk i hav og fjordar, seier Sodeland.