English version of this page

UiA-forskarar skal utvikle verktøy for betre forvaltning av Skagerrak

Forskarane har fått støtte frå EU og skal finne ut korleis nye tiltak kan styrkje mangfaldet i havet. 

Bildet kan inneholde: vann, solbriller, beskyttelsesbriller, naturlige omgivelser, himmel.
Foto: Anna-Lisa Wrange
Av Atle Christiansen
Publisert 30. nov. 2023 - Sist endret 25. apr. 2024

– Forskinga skal sjå på endringar i klimaet og andre ting som påverkar vatn og miljø langs kysten, seier Ane Timenes Laugen, professor ved Universitetet i Agder (UiA). 

No leiar ho også UiAs del av prosjektet BlueBioClimate. BlåBioKlima er eit samarbeid mellom UiA, Havforskingsinstituttet og forskarar frå Sverige og Danmark.  

Prosjektet har i denne omgangen fått 2,7 millionar euro frå EU. Det totale budsjettet for er 5,2 millionar euro.

– Målet er å leggje grunnlaget for ei ny og klimavennleg forvaltning av det biologiske mangfaldet i Kattegatt-Skagerrak-regionen, seier Laugen. 

Verne mangfald i havet

Professoren seier miljøa i havet er under sterkt press. Endringar i klima trugar mangfaldet i havet. Det same gjer forureining og utstrekt fiske. 

Forskarane skal finne fram til tiltak som kan verne og styrkje livet i havet. Dette er nokre av spørsmåla dei skal finne svar på: 

Korleis kan vi gjenopprete enger med ålegras? Kan skjelbankar igjen bli naturlege livsmiljø? Kan vi restaurere vassdrag? Og korleis vert eigentleg naturen i havet påverka av at vi set ut fisk og skjel?

Østers og blåskjel langs kysten

Forskarane frå UiA skal særleg sjå nærare på ulike artar skjel som flatøsters og blåskjel. Det har dei også jobba mykje med tidlegare. 

Dei skal også sjå nærare på den framande arten stillehavsøsters. Den ser ut til å trivast i skandinaviske farvatn. Men han kan også truge etablerte artar. 
– Vi skal arbeide med korleis vi kan bevare lokale artar og utnytte stillehavsøsters som ein ressurs. Vi skal òg sjå på om vi kan utnytte krabbe og hummar på ein meir skånsam måte enn vi gjer i dag, seier Laugen.  

Verktøy for styresmaktene i alle land

Forskarane frå UiA skal dessutan bidra med å utvikle databasar og kartverktøy. 

Felles verktøy for heile Skandinavia er ifølgje Laugen nøkkelen til å lykkast med ei sunn forvaltning av havet.  
– Det betyr mykje at dette er eit skandinavisk samarbeid. Framande artar og andre truslar mot miljøet har liten respekt for grensene mellom landa. Mange av dagens utfordringar krev derfor internasjonalt samarbeid om forsking og forvaltning, seier Laugen.

Forskjellar langs kysten

Ho peikar på at Danmark har andre typar natur langs kysten enn i Sverige og Noreg. Også innanfor kvart enkelt land er naturen ulik frå stad til stad. 
– Derfor må vi finne fram til tiltak som er tilpassa dei ulike områda. Tiltaka må også vere fleksible. Då kan vi tilpasse dei til endringar som oppstår over tid, seier Laugen.

Del av EU-program

Prosjektet BlåBioKlima er treårig. Det går føre seg frå oktober 2023 til september 2026. 

Forskinga er ein del av EUs Interreg-program. Dei programma er EUs satsing på grøn omstilling. Programma støttar dessutan forsking som fremjar samarbeid og utveksling mellom land i EU, og mellom EU-land og naboland.

Desse er partnarar på prosjektet BlåBioKlima: Danmarks Tekniske Universitet, Aarhus universitet, Göteborgs universitet, Havforskingsinstituttet og Universitet i Agder.