English version of this page

NOV bruker no ein ny type offshore-kranteknologi utvikla i samarbeid med UiA

NOV i UiA-prosjekt har utvikla ny kranteknologi til lasting som gir sikrare og meir effektiv lasting på båtar i all slags vèr. 

Skjermbilde av YouTube-video om kranteknologi fra NOV

Med den nye kranteknologien kan kranføraren rotere lasta 360 gradar og dekksmannskapet kan handle seg trygt utanfor rekkevidde (Skjermdump frå Transocean sin Youtube-video om teknologien).

Av Sissel Eikeland
Publisert 10. okt. 2023 - Sist endret 25. apr. 2024

– Kranførarar gjer tusenvis av løft mellom båt og oljeriggane sine kvart år. Den nye kranteknologien reduserer svaien på lasta og gjer det mogleg å rotere lasta 360 gradar.

Det seier Peder Sletfjerding. Han leiar avdelinga for robotikk og automasjon hos NOV. Offshorebedrifta harvore ein del av UiAs forskingssatsing, Senter for innovasjonsdreven forsking i offshore mekatronikk (SFI Offshore Mechatronics).  

Fakta om SFI-prosjektet

SFI Offshore Mechatronics var det første prosjektet ved UiA som blei tatt opp i Forskingsrådets program for Sentre for forskingsdrevet innovasjon (SFI) i 2015. Det overordna målet for SFI-programmet er å styrke innovasjonsevna og auke verdiskaping i norsk næringsliv gjennom langsiktig forsking.

Akademiske samarbeidspartnarar: 

  • NTNU
  • Aalborg Universitet (DEN)
  • NORCE Forskning
  • RWTH Aachen Universitet (GER) 

Samarbeidspartnarar frå industrien:  

  • National Oilwell Varco Norway (NOV)
  • HMH (tidlegare MHWirth)
  • MacGregor 
  • SLB (Cameron Sense)
  • GCE NODE (Næringsklynge)
  • Skeie Technology Group 
  • Lundin Norway
  • StepChange
  • ABB
  • Bosch-Rexroth (GER)
  • Klüber Lubrication (GER)
  • Egde Consulting

Kranteknologien er ei algoritme. Den blei bygt og prøvd ut på ei mindre kran som blei bygga opp i labben på NTNU. Med utgangspunkt i forskinga utvikla NOV teknologien som no hjelper dei å dempe svingingar i sjølve krana når dei skal setje last ned på ein lastebåt. 

– Tidlegare roterte dekksmannskapet lasta ved hjelp av stenger og stempelliner, men med den nye teknologien roterer kranføraren lasta og dekksmannskapet forblir trygt utanfor rekkevidde, seier Sletfjerding. 

Teknologien er patentert og kalla Anti-Sway-Rotator. Det var doktorgradsstudentar, Andrej Cibicik og Geir Ole Tysse, ved NTNU som har utvikla algoritmen. 

– Ph.d.-studentane utvikla dette og no har vi vidareutvikla og tilpassa det til våre kraner. Det gir eit sikrare system og utvidar bruken av krana, seier Sletfjerding.  

Kranteknologien er no i bruk hos NOV og Transocean. 

Kunnskapsauking

SFI-prosjektet har gjennomført forsking innan område som hydraulikk, robotisering, automatisering og tilstandskontroll av maskinar. NOV har vore involvert i fleire område, mellom anna om prosjekt om rørslekompensasjon, robotikk og automasjon. 

Dei ser verdi i prosjektet for industrien i regionen. Slettfjerding meiner NOV har hatt god nytte av SFI-samarbeidet. I tillegg til utviklinga av den nye krana, har bedrifta mellom anna starta fleire utviklingsprosjekt og auka kompetansen til dei involverte tilsette på fleire område. 

– Særleg innan kamerateknologi og simulering har vi fått ny og auka kompetanse. Det er skjer mykje både formelt og uformelt i slike samarbeidsprosjekt, både mellom oss og involverte studentar, og mellom UiA, oss og andre samarbeidspartnarar, seier han. 

Sjå video av teknologien her: