English version of this page

Ikkje alt som renner ut i havet er avfall

Ny studie viser at avrenning frå land kan vere ei viktig kjelde til energi for organismar og dyr som lev langs kysten vår. 

Illustrasjonsfoto av en holme med et fyrtårn

Ein ny studie frå Centre for Coastal Research (CCR) på UiA ser at organismar som lever på botnen av havet får energi frå materiale frå mange forskjellige kjelder på land (Illustrasjon: Colourbox).

Av Sissel Eikeland
Publisert 4. juli 2023 - Sist endret 25. apr. 2024

– Tidlegare har vi høyrt at avrenning og tilførsel frå land utelukkande er uheldig for havet. No ser vi at det òg kan vere ein viktig ressurs, seier Juan Pardo, doktorgradsstipendiat i Centre for Coastal Research (CCR) på UiA.

Foto av Juan Pardo
Juan Pardo er doktorgradsstipendiat på Fakultet for teknologi og realfag på UiA.

Resultata er ein del av Pardos nye studie The interplay between terrestrial organic matter and benthic macrofauna: Framework, synthesis, and perspectives. Der har han mellom anna sett på forhaldet mellom organismar som lever på botnen av havet og organisk materiale frå land. 

– Særleg dei dyra og organismane som lever heilt på botnen av havet får energi frå avfall eller nedbrytbare material som planter, dyr og menneskelege aktivitetar, seier han. 

Fysiske, kjemiske og biologiske faktorar spelar ei avgjerande rolle i danninga av økosystem.  

– Organismane på havbotnen er viktige for økosystemet i havet. Dei spelar ei viktig rolle i karbonkretsløpet. Dei bidreg òg til mangfald og mat for småfisk og andre byttedyr, seier Pardo. 

Organismane hjelper med å binde og vedlikehalde karbon som er viktig for funksjonane i økosystemet i havet. 

Klimaendringar truer kystøkosystema

Studien viser at under normalt vêr er avrenning frå land ein viktig ressurs for havet. Men normalveret vert stadig utfordra av ekstremvêr på grunn av klimaendringar, noko som kan ha negative konsekvensar. Tilførsel frå land, i tillegg til flaum, jordskred og uvêr, trugar kystøkosystema.

– Mykje nedbør og jordskred påverkar forbindelsen mellom land og hav, seier han.

Pardo trekker fram korleis Noreg opplever ei mørkare kystlinje. Dette heng tett saman med klimaendringar som mellom anna gir meir tilførsel frå land og avrenning til havet. 

Globale perspektiv og kunnskapsgap

Studien viser at organisk materiale frå land spelar ei viktig rolle i kystområda, men kunnskapen på området er framleis noko avgrensa. Pardo håper på meir forsking og betre overvaking for å handtere utfordringane framover.

– Studien understrekar behovet for å overvake og forstå korleis endringar i tilførselen av organisk materiale påverkar livet i havet, særleg med tanke på klimaendringane vi står overfor, seier han. 

Studien er basert på data frå heile verda. Pardo saknar likevel meir data og samarbeid med Asia. 

– I det globale sør er det mange viktige natursystem, og det hadde vore interessant å vite meir om korleis samfunna der blir påverka av avrenning frå land og korleis endringar i deira levemåtar viser seg.