English version of this page

Hummar i reservat vaks raskare

Tidlegare har ein trudd at fleire om føda betyr at hummaren veks mindre. Ein ny studie viser det motsette.

Bildet kan inneholde: vann, beskyttelsesbriller, solbriller, smil, tre.

UiA-forskar Tonje Knutsen Sørdalen har studert hummaren i tre område og fann same resultat - reservat hjelper særleg ho-hummarar å vekse raskare.

Foto: HI / Tor Birkeland

– Mest sannsynleg er forklaringa at hummarane som veks godt også er dei som er mest svoltne og derfor går inn i teiner etter agn. I område med fiske siles då dei raskt-vaksande hummarane ut av bestanden. Område står då igjen med dei humrane som veks seint og som ikkje er tøffe nok til å gå inn i teiner.  

Det seier havforskar Tonje Knutsen Sørdalen frå UiAs Centre for Coastal Research (CCR). Ho har leia forskingsarbeidet saman med Esben Moland Olsen frå CCR og Kim Halvorsen ved Havforskingsinstituttet i Arendal (HI). Dei overraskande funna er også omtala i The Economist og Nature. Arbeidet har også vore ein stor del av doktorgradsarbeidet til Sørdalen. 

Heile forskningsartikkelen kan du lese her.

Gjorde studien i tre områder og fann det same

Forskarane samanlikna 14 år med hummardata frå tre ulike områder langs Skagerrak-kysten. Totalt blei 2303 humrar fanga, merkte og gjenfanga seinare.

– I dei tre områda kom vi fram til det same. Vi kan dermed utelukke lokal variasjon, seier Sørdalen. 

  • I reservatet vil 77 prosent av ho-humrane på 25 cm skifte skall til neste år, mot 66 prosent av i fiska område.
  • Reservat-humrane blir i snitt 9 prosent større ved kvart skalskifte.

For hannane peikte resultata i same retning, men forskjellane mellom områda var betydeleg mindre enn for hoane.

Sørdalen forklarer at skilnaden i vekst altså berre gjaldt ho-humrar. 

– Tidlegare har vi vist at hannhumrar har større klør i reservata, relativt til kroppslengde. Vi har derfor ein teori om at skilnaden i vekst også vil halde for hannhumrar om vi hadde sett på vekt i staden for lengd, seier ho.

Ingen skilnad i humrar under minstemål

Hummarreservat har vist seg å vere svært effektive for å gjenoppbygge hummarbestanden lokalt. Sørdalen trur det at «turbohumrane» blir beskytta, er med på å forklare kvifor.

– Vi fann ikkje den same skilnaden for hummar under minstemålet på 25 centimeter. Dette er klare teikn på at det skjer ei utveljing gjennom fiskeriet, seier Sørdalen.

– Dristige og svoltne humrar blir fiska ut frå bestanden, seier ho.

Reservat pluss maksmål er truleg ein uventa god kombinasjon

Ein tanke bak hummarreservat er at dei også kan forsyne kringliggande område med meir hummar. Det er fordi nokon av individa må «flytte ut» etter kvart som det blir trongt. 

I 2017 blei det innført eit maksmål på 32 cm for å fiske hummar i Skagerrak. Sørdalen trur denne innføringa saman med reservat er eit godt tiltak for å få opp igjen bestandane som beveger seg utanfor reservata. 

– Då vil dei vere freda. Om dei berre veks seg store nok inni reservatet, kan dei spasere ut utan å frykte teinene. Raskt-vaksande hummar er også klare for å reprodusere seg tidlegare og dei kan derfor gjere god nytte for seg som store og gode avlsdyr, seier Sørdalen.

Denne artikkelen er skrevet i samarbeid med Havforskningsinstituttet. 

Publisert 25. nov. 2022 - Sist endret 2. mai 2024