– Offentleg sektor bør vere i leiinga på kunstig intelligens

Morten Goodwin forstår kvifor folk er skeptiske til kunstig intelligens. Men han meiner vi ikkje kan setje utviklinga på vent.

Foto av professor Morten Goodwin.

– Eg forstår argumenta frå dei som er skeptiske. Men å stoppe bruk eller forsking på KI vil vere som å stikke hovudet i sanden, seier professor Morten Goodwin. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Av Walter Norman Wehus
Publisert 6. juni 2023 - Sist endret 25. apr. 2024

– Vi kjem til å gjere feil, sjølv om vi har dei beste intensjonane. Men det betyr ikkje at vi skal la vere å følgje med på utviklinga.

Det seier professor Morten Goodwin ved Universitetet i Agder. Saman med kollegaen Maren Thormodsæter Lyngroth leier han podkasten Game Over om kunstig intelligens (KI).

For å illustrere poenget, trekkjer Goodwin ein parallell til røntgenapparatets tidlege dagar. Då røntgen først dukka opp i byrjinga av 1900-talet, vart det brukt i skobutikkar for å sjekke om sko passa.

– Det verka praktisk, men røntgen har bieffektar som ein ikkje visste om den gong. Det same kan skje med kunstig intelligens. Vi kjenner ikkje alltid konsekvensane av teknologien vi bruker, seier Goodwin.

– Bør vere med å styre utviklinga

I podkast-episoden snakkar Goodwin og kollegaen hans Maren Thormodsæter Lyngroth om eit forslag frå SV om å forby bruk av nye kommersielle KI-verktøy i offentleg sektor.

– Vi må ikkje berre vere tilskodarar, men aktive deltakarar i KI-racet. Vi må vere med å styre utviklinga, i staden for å vente og gi teknologiselskapa forspranget. Dette gjeld både i offentleg og privat sektor, seier Goodwin.

Han peikar på at det også er eit tryggingsspørsmål. Om offentleg sektor er med å styre korleis KI blir brukt, vil det gjere oss mindre avhengige av amerikanske teknologifirma som OpenAI og Microsoft, meiner professoren.

Som å stikke hovudet i sanden

KI kan bli misbrukt på mange måtar, inkludert forsterking av fordommar mot kjønn eller etnisitet, autonome våpen, og deepfakes som kan etterlikne utsjånaden og stemma til folk. Dette tek dei også opp i podkast-episoden.

– Eg forstår argumenta frå dei som er skeptiske. Men å stoppe bruk eller forsking på KI vil vere som å stikke hovudet i sanden, seier Goodwin.

Høyr episoden her: