English version of this page

Ny bok viser korleis byråkratiet påverkar demokratiet

– Vi forstår ikkje demokratiet viss vi ikkje samtidig forstår korleis byråkratiet fungerer, seier professor Jarle Trondal. 

Portrettfoto av professor Jarle Trondal

UiA-professor Jarle Trondal er ute med ny bok, Governing the Contemporary Administrative State, Studies on the Organizational Dimension of Politics.

Av Atle Christiansen
Publisert 3. okt. 2023 - Sist endret 25. apr. 2024

– Verken staten eller demokratiet hadde fungert utan eit velfungerande byråkrati, seier Jarle Trondal. 

Han er statsvitar, organisasjonsforskar og professor ved Institutt for statsvitskap og leiing ved Universitetet i Agder (UiA) og Arena Senter for Europaforskning ved Universitetet i Oslo. 

No er han ute med ei ny bok der han presenterer fleire studiar om endringa av den administrative staten dei siste 40 åra. 

Bokomslaget til Jarle Trondals nye bok om byråkrati og demokrati
Ny bok fra professor Jarle Trondal​​​​

– Rolla til byråkratiet er justert, men ikkje totalt forandra i løpet av dei åra. Stikkord for justeringa er delvis fristilling av nasjonal forvaltning og europeisk integrering av slike institusjonar. Det nasjonale byråkratiet har vorte overnasjonalisert og må i dag samarbeide på fleire nivå enn tidlegare, seier Trondal. 

Ein byråkrat i Noreg som arbeider med lover og reglar i arbeidslivet, arbeider med EUs lovgiving og har ikkje berre med den norske regjeringa, statsråden og departementet i Oslo å gjere. Ein stadig viktigare samarbeidspartner for byråkraten i Kristiansand eller Trondheim sit altså ikkje i Oslo, men i Brussel. 

– Norske byråkratar er tett på det nasjonale, men også på det internasjonale og særleg det europeiske. Nokre av dei jobbar for det meste med lover og reglar frå EU, til dømes når det gjeld reglar for konstruksjon av tunnelar og bygningar, seier Trondal.

Fakta

Boka Governing the Contemporary Administrative State, Studies on the Organizational Dimension of Politics, Palgrave Macmillan, 2023, består av fleire studiar om korleis byråkratiet og demokratiet påverkar einannan. Boka er basert på store mengder data frå byråkrati i Europa, EU, EU-land og Noreg. I tillegg til er det brukt data frå internasjonale byråkrati som til dømes OECD, Verdens helseorganisasjon (WHO), Den afrikanske union (AU) og Verdens handelsorganisasjon (WTO).

Byråkratiet er internasjonalt

Trondal tek utganspunkt i omgrepet «den administrative staten» i den nye boka si. Omgrepet vart introdusert av Dwight Waldo i 1948, i ei bok som har vorten ein klassikar. 

For Waldo dreidde det seg først og fremst om den rolla byråkratiet hadde for nasjonalstatens demokrati. I dag er fleire ansvarsområde og funksjonar overført til overnasjonale, regionale og lokale byråkratiske einingar. Slik har det kome til stadig fleire forvaltningsnivå i tillegg til staten.    

– For Noregs del er det primært EU-kommisjonen med sine førti tusen byråkratar som utfordrar det nasjonale byråkratiet vårt. Byråkratiet står i eit stadig krysspress mellom nasjonalstatens lover og politikk på den eine sida og lovverket frå EU på den andre sida, seier Trondal.

Utfordrar pågåande konflikt

Professoren på si side utfordrar gjerne den pågåande konflikten mellom statsvitskap og offentleg administrasjon. Han seier det er behov for heilskapleg teoriar og metodar som tek omsyn både til organisasjonsteoriar og politikk når vi vil forklare korleis demokratiet fungerer.

– Eit hovudpoeng med mi bok er å vise korleis vi kan forstå dei som ein integrert heilskap. Vi kan ikkje forstå eller forklare politiske prosessar og system tilstrekkeleg utan å inkludere den organisatoriske dimensjonen, seier Trondal.

Følgjer opp politikk

Ei hovudoppgåve til byråkratiet er ifølgje professoren å følgje opp politikk utan å vere politisk.  

– Det seier noko om den krevjande oppgåva ein byråkrat balar med dagleg. Byråkratar avgjer stadig saker ut frå skjønn. Avgjerdene må dei vege mot lovverk og interessegrupper, og mot politikken til regjeringa og internasjonal politikk og avtalar. I tillegg skal dei vere tru mot sin eigen fagkompetanse og den administrative praksisen på området, seier Trondal. 

Upartisk byråkrati

Han understrekar at eit upartisk byråkrati er nøkkelen til god styring, men minner samtidig om at byråkratiet ikkje berre skal vere politisk lojale.

– Vi sikrar oss mot eit altfor lojal byråkrati ved å tilsetje folk ut frå fagkompetanse og ikkje ut frå politisk ståstad eller ut frå vennskap og familiære band. Det er derfor dei nylege sakene om habilitet her i landet er alvorlege, seier Trondal. 

Han viser òg til Nav-skandalen som eit døme. Da var byråkratiet for lojal mot oppfordringa frå den norske regjeringa og la ikkje tilstrekkeleg vekt på EU-lovgiving. Her såg byråkratiet bort frå internasjonale avtalar Noreg hadde forplikta seg til.

Stabil styring

Ein raud tråd i boka er at byråkratiet har evne til å tilpasse seg skiftande tider.   

– Den administrative staten har vist seg å vere til det gode for innbyggjarane, også etter at han er vorten meir internasjonal enn før. Byråkratiet fungerer stabilt også i tider der det er uro og vanskeleg å styre, seier Trondal.