31 millionar kroner til demokratiske utfordringar

Er medieutviklinga i Europa ein trussel mot demokratiet? Det skal forskarar frå åtte land undersøkja for å komma med tilrådingar til EU-kommisjonen.

Forskere i samarbeid.

I prosjektet skal forskarane jobbe saman med profesjonelle journalistar, innhaldsprodusentar i alternative media, skular og vanlege borgarar. F.v.: Abit Hoxha, Vito Laterza, Kenneth Andresen, Gunn Bjørnsen og Gunnhild Kvåle. (Foto: Damares Stenbakk)

Av Walter Norman Wehus
Publisert 10. jan. 2023 - Sist endret 25. apr. 2024

Feilinformasjon har vorte ein normal del av mediekvardagen vår. Det kan dreia seg om skepsis til klimaendringar eller til covid-19-vaksinen, eller desinformasjon om Russlands krig i Ukraina.

Problemet blir forsterka av algoritmar som bestemmer kva informasjon me får, utan at me veit korleis desse systema fungerer.

– Sosiale medium har skapt ein situasjon som truar forholdet mellom media og demokratiet, seier Abit Hoxha på Universitetet i Agder (UiA).

Han er ein av forskarane som står bak prosjektet ReMeD. Prosjektet har fått 31 millionar kroner frå EUs Horisont Europa-program over dei neste fire åra for å utvikle nye løysingar på desse problema.

Eit av måla med prosjektet er å komma med tilrådingar til EU-kommisjonen om korleis dei demokratiske utfordringane i medielandskapet kan løysast.

Fakta om prosjektet

  • ReMeD står for Resilient Media for Democracy in the Digital Age
  • Prosjektet er finansiert med 31 millionar kroner gjennom Horisont Europa.
  • Prosjektet er utvikla av forskarar ved UiA, men blir leidd av University of Navarra i Spania.
  • Andre deltakarar er University of Oxford, LMU Munich, Dublin City University, Free University of Brussels, Charles University in Prague, Paris Lodron University of Salzburg, og European Federation of Journalists.
  • Kenneth Andresen (arbeidspakkeleder), Vito Laterza (arbeidspakkeleder), Abit Hoxha (prosjektleder på UiA og forsker), Gunn Bjørnsen (forsker) og Gunhild Kvåle (forsker) deltar fra UiA.

Negativ utvikling

Ifølge forskarane finst det fleire kjenneteikn på eit sterkt demokratisk mediesystem, som at det er pålitelig, sjølvstendig, mangfaldig, ansvarleg, berekraftig og har brei deltaking. Alt dette har vorte negativt påverka av den digitale utviklinga.

Forskarane skal jobba saman med profesjonelle journalistar, innhaldsprodusentar i alternative media, skular og vanlege borgarar.

– Me skal jobba tett saman med dei ulike gruppene, utan å velja side. Me håpar å kunna samla folk, om ikkje fysisk såg i alle fall i det same akademiske rommet, slik at me kan finna løysingar, seier førsteamanuensis Vito Laterza på UiA.

Gjennom ei rekkje studiar skal forskarane gå i djupna på åtte problemstillingar som er sentrale for EU:

  • Minkande tillit til demokratiske institusjonar
  • Klimakrise
  • Covid-19-pandemien
  • Krig og valdeleg konflikt
  • Sosio-økonomiske forskjellar
  • Immigrasjon og integrasjon
  • Likestilling mellom kjønna og LGBTQIA+-rettar
  • Uregulert digitalisering av politiske arenaer

– Me skal ikkje handtera desse problema direkte, men skal studera dei slik dei kjem fram gjennom digitale medium, seier Laterza.

Eit anna problem i Noreg

Åtte europeiske land deltek i prosjektet, alle med utfordringane sine. Men opplever Noreg også slike demokratiske utfordringar?

– Sjølv om ikkje Noreg har store utfordringar med økonomiske forskjellar, så har me andre problem. Mange er skeptiske til vaksinar, og valdeltakinga her minkar, seier Hoxha.

Medan land som Spania har svært polariserte medium, er norske medium relativt samstemde. Men dette kan også vera ei utfordring, ifølgje Laterza.

– Mange i Noreg tviler på om klimaendringane er menneskeskapte, til dømes. Men denne gruppa har ikkje den same stemma i media som dei har i andre land. Konsensusen er med å feie ting under teppet, og det gjer Noreg verd å studera, seier han.