English version of this page

Ninas forsking kan byggje bru mellom teater og politikk

Teaterframsyninga er over, men inntrykka hos publikum kan vare ved i lang tid etterpå. UiA-forskar Nina Skogli har funne nye perspektiv rundt måten vi opplever teater som politiske vesen og tilskodarar.

Foto av forskeren Nina Helen Skogli på biblioteket.

Nina Helene Skogli er postdoktor i det tverrfaglege forskingsprosjektet Making Memories ved Universitetet i Agder. 

Av Hildegunn Løken Holtan
Publisert 28. sep. 2022 - Sist endret 25. apr. 2024

Nina Helene Jakobia Skogli er teatervitar og har nyleg starta i ei postdoktorstilling ved Universitetet i Agder (UiA). Tidlegare i år disputerte ho med avhandlinga Å tenke gjennom affekt: Affektiv usikkerhet i politisk engasjert samtidsteater. Skogli har funne ein metodisk kombinasjon som varetar demokratiske prinsipp i analysen av teaterframsyningar og den kjensleprega usikkerheita som tilskodarane kan kjenne på etter ei teateroppleving.  

Omgrepet affektiv usikkerheit er etablert av forskaren sjølv og stammar frå hennar interesse  for dei sanselege og emosjonelle dimensjonane ved politisk engasjert samtidsteater. Ordet affekt kjem frå det latinske affectivus og tyder ‘det som har med kjenslene å gjere’, eller noko som er kjensleladd, kjensleprega eller emosjonelt.

Skogli undersøker korleis det blir skapt ei usikkerheit i tilskodaren som er prega både av emosjonell og politisk involvering i teaterframsyninga.

Ein samtidig teaterkommentar

Fakta om prosjektet

  • Framsyningane som er inkludert i Skoglis forskingsprosjektet og avhandling, er Myke Øyne (2016) av Artilleriet Produksjoner, Your Majesties (2010) av Navaridas & Deutinger og Mod alle odds (2019) av Fix&Foxy.
  • Framsyningane blir undersøkt gjennom ein erfaringsorientert framsyningsanalyse, med utgangspunkt i eiga tilskodaroppleving og -erfaring. Formålet med prosjektet var å skape ulike format for samtale og utforsking av opplevingane – både kollektivt og individuelt.
  • Resultatet er, ifølgje Skogli, eit utforskande metodesett som kan nyttast som eksempel på korleis framsyningsanalyse kan trekkje vekslar på teaterpedagogisk praksis og empirisk publikumsforsking. På den måten kan ein gi rom for det demokratiske eller fleirstemmige.
  • Prosjektets bidrag til teaterfeltet ligg både i analysen av den affektive usikkerheita sitt kritiske potensial, og i metodesettet utvikla for fleirstemmig, erfaringsorientert framsyningsanalyse.

Ifølgje Skogli kan forskingsprosjektet reknast som ein kommentar til teaterets relevans i samtida. I avhandlinga kombinerer ho metodar frå teatervitskap og publikumsforsking. Ho dukkar ned i korleis menneske omarbeider eigne politiske haldningar og usikre kjensler knytt til framsyninga.

– Avhandlinga mi ser nærare på dei kunstnarlege strategiane som gjer tilskodaren usikker. Og eg har sett på korleis teaterframsyningar har evne til å kritisere fenomen, ofte politiske, i samtida. Korleis omarbeider vi som publikum desse erfaringane? spør Skogli.

Usikkerheit som ressurs

Forskinga til Skogli undersøker kva den kjensleprega usikkerheita gjer med oss som tilskodarar og korleis menneske handterer usikkerheit som erfaring i møtet med scenekunst.

Avhandlinga har to sidestilte tema som blir belyst frå ulike vinklar. Den metodiske delen av avhandlinga søkjer å utvikle framsyningsanalyse som metode. Dette skjer gjennom konkrete eksempel på korleis framsyningsanalyse kan bli utvida til å inkludere resepsjonsprosessane til fleire tilskodarar.

– I tillegg kjem analysane av det kritiske potensialet som ligg i affektiv usikkerheit, seier Skogli, og utdjupar:

– Usikkerheit som karaktertrekk kjem ofte med negative assosiasjonar. Det kan bli forbunde med vingling, nøling eller handlingslamming. Usikkerheit i denne samanhengen handlar meir om å kunne sjå ting frå ulike perspektiv og oppnå ei form for sensitivitet.

Stiller spørsmål, men gir ikkje svar

Ho peikar på at tilskodarar kan bli kasta inn i omarbeidingsprosessar som er krevjande og langvarige. Ofte gir dei heller ikkje nokon openberre svar.

– Dette trenar opp evna vår til å tenkje og svare på betente og vanskelege samfunnsutfordringar, seier Skogli.

– I ei samtid der vi er omgitt av kriser og der kjensler og emosjonelle appellar blir brukte også politisk, er det sentralt at vi trenar evna vår til å tenkje gjennom kva dei emosjonelle erfaringane eigentleg gjer med oss.

Skogli analyserer tre ulike framsyningar i forskingsprosjektet.

– Alle tre grip inn i samansette og kontroversielle samfunnsproblem – utan at dei tilbyr løysingar på problema som blir skisserte, seier ho.