English version of this page

Studerer eldre tekstar med nye klimabriller

Norrøne tekstar kan gi ny innsikt i korleis menneska i mellomalderen tilpassa seg endringar i miljøet, og korleis dei tenkte om sin plass i naturen.

Av Walter Norman Wehus
Publisert 5. des. 2023 - Sist endret 21. mai 2024

I norrøn mytologi er ragnarok namnet på heile verdas undergang. Men i moderne populærkultur har ragnarok også vorte sidestilt med klimakrisa.

Dette kan vi sjå mellom anna i Netflix-serien Ragnarok, eller i teikneserieromanen Embla.

Men kva tenkte mellomaldermenneska sjølv om sin plass i naturen? Og kan dei hjelpe oss til å tenkje nytt om dette i vår eiga tid?

Kultur og miljø

– Eg trur ikkje vi vil finne ei løysing på klimakrisa i norrøn litteratur. Når vi tenkjer oss ei mogleg klimakrise i ragnarok-aktige vendingar, seier det meir om kva vi menneske fryktar i dag enn om det man gjorde i førmoderne tid, seier professor Reinhard Hennig på Institutt for nordisk og mediefag på Universitetet i Agder (UiA).

Han meiner at eit økokritisk blikk på norrøne tekstar likevel kan gi oss ny kunnskap, mellom anna om korleis menneske i førmoderne tid tok omsyn til berekraft og problematiske miljøendringar.

Økokritikk er ei forskingsretning innan litteraturvitskap som ser på forholdet mellom menneskeleg kultur og miljøet rundt oss.

Vil utvide økokritikken

Hennig er ein av redaktørane av boka Ecocriticism and Old Norse Studies. Den har han sett saman i lag med UiA-kollega Michael Schulte og Emily Lethbridge på Árni Magnússon-instituttet på Island.

Det har ikkje vore så vanleg å studere norrøne tekstar frå økokritiske perspektiv, men redaktørane bak den nye antologien håpar å endre dette.

– Naturmotiv i norrøne tekstar har vore studert tidlegare. Men det som kjenneteiknar den økokritiske tilnærminga er miljøinteressa – om tekstane har økologisk relevans på nokon måte, anten for oss i dag eller for menneske i fortida, seier Hennig.

Tekstar frå ei overgangstid

I sitt eige bidrag til antologien les Hennig islendingesagaene ut frå moderne førestillingar om miljørisikoar. Det handlar om usynlege farar som oppstår utan at ein kan vite kva eller kven som står bak.

– I desse sagaene finst det fleire fenomen der folk plutseleg blir sjuke og dør, eller der ein blir angripe av vesen ein ikkje veit kva er. Det er ei blanding av natur og kultur, ei forureining som truar med å øydeleggje heile regionar. Det kan minne sterkt om til dømes Tsjernobyl-ulykka i moderne tid, seier han.

Islendingesagaene skildrar overgangen frå hedendom til kristendom som ei tid prega av stor uvisse. Denne uvissa viser seg blant menneska, altså i det sosiale, men også i form av skumle miljøendringar.

Ein annan av tekstane i boka tek for seg korleis forståinga av omgrep som «villmark» har endra seg over tid. Medan villmarka i dag er ein stad for rekreasjon og vakre naturopplevingar, var ho i mellomalderen ein farefull stad der både heilage og vanlege menneske vart sett på prøve.

Eit tredje bidrag viser korleis kyrkjeretten vart tilpassa miljø og klima i nordiske land – til dømes gjennom at han gav lov til sildefiske også på heilagdagar.

– Vi ville vise at økokritikken ikkje er avgrensa til ein bestemd type tekst eller periode. Både litterære tekstar, slik som sagaene og eddadiktningen, og andre tekstar, slik som lovene, er interessante å studere ut frå dette perspektivet, seier Hennig.

Nye idear og gamle tankar

Ei utfordring med økokritikken er at ho kan la seg farge av tankesetta i tida. Dette gjer det viktig at forskarane har den kulturvitskaplege kunnskapen om tida tekstane er oppstått.

– Omgrepet berekraft er til dømes frå 1700-talet, berekraftig utvikling byrja vi først å snakke om i 1980-åra. Men også eldre samfunn måtte handtere naturressursar på berekraftige måtar for å bevare livsgrunnlaget for barn og barnebarn, seier Hennig.

Han legg til at viss vi vil finne ut om det er spor av berekraftstenking også i norrøne tekstar, må vi sjå tekstane i lys av den litterære tradisjonen, kulturen og samfunnet som dei var ein del av i førmoderne tid.

– I boka viser vi nokre moglege måtar å gjere dette på, men drøftar også problem og utfordringar ved økokritiske lesnader av norrøne tekstar, seier han.

Boka Ecocriticism and Old Norse Studies er gitt ut av Brepols publishers, og er publisert med open tilgang.