English version of this page

Slik jakta nordmenn på hekser og trollmenn

Fattige kvinner med svakt sosialt nettverk vart oftare skulda for hekseri. Og straffa for dette var brutal.

To jenter utkledd som hekser.

Halloween gir oss ei morosam oppleving av hekser og trollmenn. På 1500- og 1600-talet var det meir dystert. Foto: Colourbox

Av Damares Stenbakk
Publisert 17. nov. 2023 - Sist endret 25. apr. 2024

På Halloween går det mest i knask eller knep, godteri og spøkelseshistorier. Men det viktigaste: Å bestemma seg for kva kostyme ein skal gå med. Og då er heks og trollmenn populære alternativ.

Men den typiske heksa var ikkje ei som svinga med tryllestaven, laga eliksirar og flaug rundt på ein sopelime i timane i natta.

– På 1500- og 1600-talet var det typisk at ei fattig, gjerne litt eldre kvinne vart skulda for hekseri. Fleire var innflyttarar og hadde ofte eit svakt sosialt nettverk. Mange hadde levd med eit trolldomsrykte i årevis, seier førstelektor Terje Sødal ved Universitetet i Agder (UiA).

Sødal har i mange år forska særleg innan kriminalitets- og rettshistorie, inkludert hekseprosessar.

FAKTA OM HALLOWEEN:

Halloween, på norsk allehelgensafta, er ei feiring 31. oktober. Barn kler seg ut i skumle kostyme som til dømes hekser, skjelett, gjenferd eller monster. Og går i grupper frå dør til dør i nabolaget, ringar på og roper «knask eller knep». Den som ikkje opnar, eller ikkje vil gi «knask» som godteri eller frukt, blir trua med «knep» og rampestrekar. Ein kultur inspirert frå USA. Kjelde: Store norske leksikon

Vart brent levande

Om det skjedde noko skremmande i bygda, som til dømes eit skip som sank eller folk som døde, kunne innbyggarane ofte mistenka desse kvinnene for å stå bak.

Magi knytt til vêret var ofte nemnd i rettssaker frå Agder og heilt opp til Finnmark rundt denne tidsperioden.

– Dei aller fleste som vart funne skuldige vart avretta med det som vart kalla «bål og brann». Nokon vart halshogne og andre vart forviste frå landet. I eitt enkelt tilfelle på Agder vart ein mann bøtelagd for trolldom, seier han.

På Agder var nesten alle dei avretta kvinnene, faktisk heile 95 prosent. I Noreg generelt ligg talet på rundt 85 prosent, og i resten av Europa frå 75 til 80 prosent.

Grunnen til den høge andelen kvinner var at dei ofte vart knytte til såkalla skadeleg magi. Ifølge bøker om hekseri meinte ein at kvinner var meir mottakelege for innverknaden for djevelen enn menn.

Djevelpakter og trolldom

Foto av Terje Sødal
Heksejakta før i tida gjekk ofte utover kvinner med låg sosial status, ifølge UiAs førstelektor Terje Sødal. Foto: Privat

Sødal trekker fram eit døme frå 1670 i Kristiansand: Dorte Fudevig og Maren Peder Leifsens vart mistenkt for å ha stått bak to lokale skipsforlis der seks menn omkom.

Rykta byrja å gå. Kunne forlisa komma av hekseri? Søkelyset hamna på to kvinner som allereie hadde eit rykte på seg for trolldom.

– Etter kort tid i varetekt tilstod Dorte at ho hadde vore med på å forlisa dei to skutane. Ho oppgav namn på fleire andre trollfolk i Kristiansandsområdet. Ifølge Dorte hadde dei floge saman utover havet og søkkte båtane, seier han.

I retten vart det fortalt historier om djevelpakter, luftferder og påføring av sjukdom og død ved trolldom.

Til saman vart fire kvinner brunne på bålet, medan ei vart dømd til forvising. Dette skulle bli det siste heksebålet på Agder.

Håp om frelse

Det var ikkje berre lokalsamfunnet som såg på trolldom som ein alvorleg trussel. Overtrua var utbreidd i alle samfunnslag, inkludert i statsapparatet, som meinte det var ein vondskap som måtte nedkjempast med alle middel.

Prestane hadde ei sentral oppgåve om nokon vart dødsdømt:

Dei skulle sørga for at den dømtes sjel hamna i himmelen. Det var nemleg håp om frelse for alle som synda, men då måtte ein snakka sant om lovbrotet, angra dei vonde gjerningane sine og ta straffa.

Populærkultur

I dag er det utenkeleg at vi skuldar den einslege, gamle nabodama for å fly med sopelime over havet og søkka skip.

Trolldom og hekseri har gått frå å vera ein trussel mot det norske samfunnet til å bli rein underhaldning og ein del av dagens populærkultur. Dei fleste har vel høyrt om Hermine Grang i Harry Potter eller filmen Hocus Pocus frå 1993?

Sødal gir moderne rasjonalitet og ei endring i rettssystemet vårt noko av æra for dette.

Likevel lever framleis trua på trolldom i fleire kulturar, religionar og verdsdelar. Sjølv i våre dagar går det føre seg hekseforfølgingar i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

– Dei siste 50-60 åra har det vorte drepne fleire menneske i hekseprosessar rundt om i verda enn det vart drepe i heile perioden då dei historiske trolldomsprosessane gjekk føre seg, seier han.