English version of this page

For 100 år sidan var det tabu å snakka om kvifor kvinner blør

Menstruasjon har gått frå å bli sett på som ein sjukdom til å bli ein del av kampen om kvinnehelse – og ein industri verd milliardar av kronar.

Illsustarsjonsfoto av kvinne med tampong i hendene.

Menstruasjonsprodukt er ein milliardindustri, og vi har for lite forsking knytt til menstruasjon. No har Camilla Mørk Røstvik ved UiA dykka ned i 100 år med historie om korleis samfunnet ser på menstruasjon. Foto: Colourbox 

Av Damares Stenbakk
Publisert 2. mai 2023 - Sist endret 25. apr. 2024

– Lenge vart menstruasjon sett på som ein sjukdom. Det var først i 1940-åra det vart mindre skamfullt, men framleis radikalt å seia at ein kunne jobba og gå på skule når ein hadde menstruasjon, seier Camilla Mørk Røstvik.

Røstvik er førsteamanuensis ved Institutt for religion, filosofi og historie ved Universitetet i Agder (UiA). Ho står bak boka «Cash Flow: The Businesses of Menstruation», som er tilgjengeleg på UCL Press gratis for nedlasting.

I boka dykkar Røstvik ned i 100 år med bedriftshistorie:

    • Ho har gått gjennom arkiv hos fabrikkane som lagar bind og tampongar.
    • Der har ho studert historia til Saba i Norge, Essity i Sverige, Tambrands i dåverande Sovjetunionen, Procter & Gamle i Storbritannia og Europa, Kimberly-Clark i Nord-Amerika.
    • Og dei nyare bedriftene Thinks frå USA og Clue frå Danmark.

Der ser ho korleis leiarane av dei store bedriftene, som hovudsakleg har vore menn, har påverka korleis vi ser på menstruasjonen.

– Om du bruker produkta våre så vil du kjenna deg bra, var noko dei reklamerte med. Dei fremmar at du skal vera ung, rein, tiltrekkjande og helst kvit. Du skal også vera aktiv, gjerne på ski og skøyter, seier Røstvik.

Blodpengar

Før krigen pleidde fleire kvinner i Noreg å strikka sine eigne bind for å kunna gjenbruka dei. Sidan blod er vanskeleg å få bort, var det mykje arbeid å vaska for hand.

På 1920-talet skulle det endeleg bli enklare, og amerikanske bedrifter introduserte ideen om heller å kjøpa og kasta bind. I Noreg starta Saba produksjon av bruk-og-kast bind etter krigen.

– Det var deira sjanse til å tena pengar på noko som eigentleg var hemmeleg å snakka om i samfunnet. Bedrifter fekk kundar på å vise korleis kvinner skulle trena, eta og sjå best ut under menstruasjonssyklusen. Då passa ikkje blod inn, seier UiA-forskaren.

Blodig alvor

Røstvik påpeikar at sidan menstruasjon var så tabubelagt å snakka om, var det å selja kvinnelege produkt ein slags aktivisme i seg sjølv. Det gjorde at feminister på 1970-tallet stilte spørsmål ved produkta.

– Det er første gong norske aktivistar gjer opprør og set spørsmålsteikn ved produkta. Kva er det eigentleg i dei? Kvifor kostar produkta så mykje? Kvifor skal ein pynta på sanninga om korleis det er å ha menstruasjon?

Fram til 1990-talet hadde Saba eit uoffisielt monopol i Noreg, som seinare vart overteke av merket Essity. Saba vart etter kvart eit symbol for nordmenn på at det faktisk var mogleg å snakka om bind, blod og menstruasjon.
Milliardindustri

I dag er handtering av menstruasjonen ein milliardindustri. Ifølge ein rapport frå Markets and Markets er det forventa at marknaden når 27,7 milliardar dollar innan 2025.

Tidlegare var det vanleg at menn dominerte bedrifter som produserte bind. Røstvik seier at det dei siste åra har vore ein tendens til at fleire kvinner startar bedrifter innan dette feltet.

– Den nye gründerkulturen kjem med den same kritikken som feministane. Der dominerer kvinner med produkt som menskoppen og undertøy til gjenbruk. Dei er lei av dei store bedriftene som ikkje utviklar seg og uvissa rundt innhaldet i sanitærprodukta, seier UiA-forskaren.

Trur at dei skal døy

I dag bognar marknaden med betre og fleire produkt. Eit hav av appar hjelper deg under syklusen. Og land som Kenya og Skottland gir gratis bind og tampongar til befolkninga.

Sjølv om vi har komme langt, ser Røstvik at problema knytt til kvinnehelse ikkje er bra nok.

Mensen er meir enn blod. Det kan vere positivt, men det kan også vere smerter. Det kan vere teikn på endometriose, bekkeninfeksjon og andre underliggande sjukdommar. Røstvik meiner at vi framleis treng å undervise meir, betre og endå tidlegare i skulen. 

– Produkta har gjort det lettare å vera aktiv utan å blø gjennom kleda. Men utfordringar knytt til mensen har aldri fått særleg merksemd. Kva er eigentleg normal smerte under menstruasjon? Og kvar går grensa til at ein kanskje har ein diagnose som endometriose?

Endometriose er ein kvinnesjukdom der vev som liknar livmorhinna, veks utanfor livmorhòla. Dette gir kraftige smerter under menstruasjon, og kan gjera det vanskeleg å bli gravid, ifølge Helsenorge. 

Utan god nok kunnskap viser fleire studiar at menstruasjon kan bli ei traumatisk oppleving.

– Ifølge ei norsk undersøking stadfestar generasjonen frå 1890 til 1920 minne om at dei trudde dei skulle døy då dei fekk mensen for første gong. Og dette skjer framleis. Vi treng endå betre undervisning og eit klart språk om at menstruasjon er blod, seier Røstvik.