English version of this page

Sjukepleiarkompetansen i kommunane er ikkje god nok

Norske kommunar manglar høgt kvalifiserte sjukepleiarar. Det kjem fram i ein ny studie om kvaliteten ved kommunale institusjonar.

Foto av Torunn Kitty Vatnøy

– Mangel på spesialistutdanna sjukepleiarar er ei stor utfordring for kvaliteten på tenestene i kommunane, seier Torunn Kitty Vatnøy, forskar og førstelektor ved UiA.

Av Atle Christiansen
Publisert 3. okt. 2023 - Sist endret 25. apr. 2024

– Det er ein kritisk mangel på sjukepleiarar med mastergrad eller med tilleggsutdanning innan akuttsjukepleie, geriatri og psykisk helse ved dei kommunale akutt-døgnplassane her i landet.

Det seier Torunn Kitty Vatnøy. Ho er forskar og førstelektor ved Universitetet i Agder (UiA) og knytt til UiAs Senter for omsorgsforsking.

Ho disputerte nyleg for doktorgraden. I avhandlinga har ho analysert kompetansen i dei kommunale akutt-døgnplassane over heile landet og identifisert behovet for høgare sjukepleiarkompetanse. 

Doktorgradsavhandlinga er mellom anna basert på grundige intervju med åtte sjukepleiarar og to legar. Ho har også utvikla og sendt ut eit spørjeskjema til kommunane der heile 92 prosent svarte på spørsmåla. 

– Avhandling mi viser at sjukepleiarane treng kompetanse innan kliniske vurderingar og høgare sjukepleiarkompetanse for å ta gode faglege val i akutte situasjonar, seier Vatnøy. 

Nye behov etter samhandlingsreforma

Behovet for høgkompetent pleiepersonell i kommunane har auka sidan innføringa av samhandlingsreforma i 2012. Målet med reforma var å styrkje samarbeidet mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, altså kommunale helsetenester og sjukehus. 

Ei av hovudsatsingane i reforma var etableringa av kommunale akutt-døgnplassar. Frå 2016 vart alle kommunar pålagde å tilby døgnkontinuerleg omsorg og observasjon for pasientar med akutte behov. 

– Kommunale akutte døgnplassar skal avlaste sjukehus og er eit helsetilbod til dei som er for friske til å liggje på sjukehus, men for dårlege til å verte behandla heime. Tilbodet har mange fordelar, men føreset høg kompetanse i tenestene, seier Vatnøy.

Uspesifiserte krav til kompetanse

Det er brei semje om at eldre og sårbare pasientar treng høgt kvalifisert pleiepersonell. Likevel er krava til sjukepleiekompetanse ved døgnplassane sparsamt definert av helsestyresmaktene. 

­– I samhandlingsreforma står det spesifisert at legar og sjukepleiarar skal vere til stades ved akuttplassane, men det står ingenting om behovet for avansert kompetanse blant sjukepleiarane, seier Vatnøy.

Ho seier at avansert sjukepleiekompetansen på masternivå mellom anna dreiar seg om kunnskap og evne til å ta ansvar og handtere usikre hendingar og komplekse sjukdomsbilde.   

Treng medisinsk behandling

Vatnøy viser til ei døme der ein eldre pasient spør om ei varmare dyne mens vedkommande eigentleg treng akutt medisinsk behandling. 

Pasienten frys på grunn av raskt stigande feber, og er eigentleg i en tilstand som fort få utvikle seg til ein dødeleg infeksjon (sepsis) dersom ikkje sjukepleiaren tolkar situasjonen rett. 

– Sepsis utviklar seg raskt og er livstrugande. Det er heilt nødvendig at lege vert kontakta og kritisk behandling vert sett i gang innan kort tid i slike situasjonar, seier Vatnøy. 

Ifølgje Vatnøy er det ein stor fordel å ha sjukepleiarar med etterutdanning, aller helst på masternivå, for å tolke slike situasjonar rett. 

Kommunen prioriterer ikkje utdanning

­– Mangel på spesialistutdanna sjukepleiarar er ei stor utfordring for kvaliteten på tenestene i kommunane, seier Vatnøy. 

Det finst utdanningstilbod for sjukepleiarar som vil heve kompetansen sin, men mange av desse tilboda har ledige studieplassar. 

– Det er ikkje så rart. Målgruppa er yrkesaktive sjukepleiarar, dei har jobb og inntekt. Ein kan ikkje forvente at dei skal slutte i jobben og seie frå seg inntekta for å ta meir utdanning. Eg synest heller det er rart at desse programma har søkjarar i det heile tatt, seier Vatnøy. 

Samtidig viser ho til ein tendens blant kommunane til å prioritere bemanning framfor vidareutdanning på grunn av den generelle mangelen på sjukepleiarar. 

– Kommunane må likevel anerkjenne behovet for høgare kompetanse og leggje til rette for at dei tilsette får høve til å vidareutdanne seg, seier ho. 

Kapasiteten vert ikkje utnytta

Kommunane her i landet utnyttar berre 41 prosent av kapasiteten på akuttplassane. Årsaka er truleg at legar føretrekkjer å sende pasientar til sjukehusa framfor dei kommunale akuttplassane. 

– Legane manglar tillit til at dei kommunale akutt-døgnplassane har tilstrekkeleg kompetanse til å handtere pasientane, og det er svært urovekkjande. Og det understrekar også det min studie viser om for låg kompetanse i den kommunale helseteneste, seier Vatnøy.

Kontakt:

Bilde av Torunn Kitty Vatnøy
Førstelektor
E-post
torunn.vatnoy@uia.no
Telefon
+47 37 23 37 75