Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Morgan Kane – den Amerikanske Vesten møter Nordisk Noir

Karoline Aksnes disputerer for ph.d.-graden på Fakultet for humaniora og pedagogikks doktorgradsprogram med avhandlingen «Morgan Kane: A Nordic Western» torsdag 27. september 2018. (Foto: Privat)

Prosjektet fokuserer på kva som er særskilt nordisk med Morgan Kane serien, eller – sagt på ein annan måte – kva aspekt ved den norske Western-serien som skil seg ut frå den amerikanske tradisjonen.

Karoline Aksnes

Ph.d.-kandidat

Morgan Kane – den ultimate helten frå Ville Vesten for lesarane på 1970-talet, den einsame macho-agenten med den truleg lengstlevande hit’en på Norsktoppen, teikneserie og filmplanar – var han eigentleg ein skandinavisk kulturutsending? Karoline Aksnes set Morgan Kane inn i den amerikanske litterære western-sjangeren samstundes som han er tilpassa ein norsk kontekst.

Karoline Aksnes disputerer for ph.d.-graden med avhandlinga «Morgan Kane: A Nordic Western» torsdag 27. september 2018.

Ho har fylgd doktorgradsprogrammet ved Fakultet for humaniora og pedagogikk med spesialisering i litteraturvitskap.

Forfattaren Louis Masterson – eller Kjell Hallbing som var hans namn – skreiv 83 bøker om Morgan Kane, som blei fødd i 1855 og truleg døydde i 1910. Hallbing hevda at han plasserte Kane inn i ein tilnærma historisk korrekt samanhang – historikarane er noko meir forbehaldne.

I avhandlinga peikar Karoline Aksnes på at Hallbing tok inn meir og meir sosialrealisme i forteljingane etter kvart – i motsetnad til korleis dei amerikanske western-forfatterane skreiv om tilhøva i Ville Vesten. Aksnes gjer ei komparativ analyse Morgan Kane-bøkene og av den amerikanske forfattaren Louis L’Amour sine western-bøker (sjå også wikipedia).

I analysen finn Aksnes at Morgan Kane har mykje felles med sjanger-trekka til den litterære formen som i dag vert kalla Nordisk Noir (sjå også Hans H. Skei i Rivertonklubben)

Kandidaten sjølv om essensen i avhandlinga:

Morgan Kane – den Amerikanske Vesten møter Nordisk Noir

Prosjektet «Morgan Kane: A Nordic Western» fokuserer på Louis Masterson (Kjell Hallbing) sine bøker om Morgan Kane.

Cowboy-helt på 70-talet

I Noreg hadde Morgan Kane-serien si storheitstid på 1970 talet, men grunna ei ny internasjonal lansering av Masterson sin fiktive helt er Morgan Kane i desse dagar aktuell for eit nytt internasjonalt publikum.

I så høve er prosjektet både eit historisk tilbakeblikk på eit av Noreg sine aller største populærvitskaplege fenomen gjennom tidene, og også ei studie av eit norsk litterært produkt som vert gitt internasjonal merksemd i vår eiga samtid.

Eit kulturelt møtepunkt

I prosjektet ser Aksnes på Morgan Kane som noko så eksotisk som ein norsk Western, og studerer bok-serien som eit møtepunkt mellom norsk og amerikansk litteratur og kultur.

Prosjektet fokuserer på kva som er særskilt nordisk med Morgan Kane serien, eller – sagt på ein annan måte – kva aspekt ved den norske Western-serien som skil seg ut frå den amerikanske tradisjonen.

I samband med desse analysane dreg prosjektet parallellar mellom Morgan Kane-serien og den forma for realisme som gjerne vert kalla Nordisk Noir.

Disputasfakta:

Kandidaten: Karoline Aksnes (1987), bachelor i engelsk frå Universitetet i Bergen, 2010. Master i engelsk frå Universitetet i Bergen, 2012 med masteroppgåva: “The Virginian’s Cultural Clashes: A Study of Cultural Representation in Owen Wister’s novel The Virginian.

Prøveforelesing og disputas finn stad i Arne Garborgs auditorium (B1-006), Campus Kristiansand, torsdag 27. september 2018. Prøveforelesing og disputas foregår på engelsk.

Disputasen vert leia av dekan Sunniva Whittaker.

Prøveforelesing kl 10:00 – 11:00

Disputas kl 12:00

Oppgjeve emne for prøveforelesing: «Discuss the role of popular fiction in the Nordic book market of today, its material circumstances and standing in academe and the press»

Tittel på avhandling: «Morgan Kane: A Nordic Western»

Søk etter avhandlinga i AURA - Agder University Research Archive, som er eit digitalt arkiv for vitskapelege artiklar, avhandlingar og masteroppgåver frå tilsette og studentar ved Universitetet i Agder. AURA vert jevnleg oppdatert. Avhandlinga vil være tilgjengelig til utlån ved Universitetsbiblioteket. Det vil også bli lagt ut nokre eksemplar til utlån i lokalet der disputasen finn stad.

Opponentar:

Førsteopponent: Professor David Rio (Raigadas), University of the Basque Country, Leder av forskningsgruppe ReWest

Annenopponent: Dosent Kjerstin Bergman, Universitetet i Lund

Den sakkunnige komitéen er leia av professor Roy Tommy Eriksen, Institutt for framandspråk og oversetjing, UiA

Rettleiarar i doktorgradsarbeidet var professor Michael Prince, UiA (hovudrettleiar) og professor Asbjørn Grønstad, UiB (bi-rettleiar)