Alle som skal låne ved UiA - Universitetsbiblioteket (UBA) må vere registrert her. Studentar med aktiv studierett vert registrert automatisk. Andre som ikke har tilknyttning til UiA kan verte registrert, om ein viser fram gyldig legitimasjon med bilete. Når ein skal låne, må ein ta med lånekortet (institusjonskortet). Om du mistar kortet, må du melde frå til UiA Hjelp.
Personar tilknytta UiA
Alle som studerer på fulltid ved Universitetet i Agder (UiA), bruker studentkortet som lånekort. Her finn du meir informasjon om studenkortet. Nokre kurs, til dømes innafor etter- og vidareutdanning (EVU), krev ikkje semesteravgift. Studentar som følgjer slike kurs, og som ikkje har eit studentkort frå UiA, kan få eit nasjonalt lånekort eller aktivere eit viss dei har frå før. Sjå også informasjon for "fjernstudentar".
Når ein skal logge på Oria.no, vel ein UiA som tilknytta institusjon. Brukarnamnet og passordet er det same som til andre UiA-ressursar.
Studentar og tilsette ved andre institusjonar er velkomne til å nytte tilbodet vårt med nokre unntak. Til dømes er ikkje kursa våre opne for andre studentar, og vi låner ikkje inn eit større tal artiklar og bøker eller bøker frå land utanfor Norden. Kontakt bibloteket ved heimeinstitusjonen din i slike tilfelle eller om du vil at dei skal sende bøker og artiklar.
Personar tilknytta andre utdanningsinstitusjonar nyttar kortet derifrå. Om ein ikkje har eit slikt kort, kan ein bruke eit nasjonalt lånekort. Kortet må aktiverast ved UiA Hjelp.
Når ein skal logge på Oria.no, vel ein utdanningsinstitusjonen sin og nyttar brukarnamnet og passord ein har fått derifrå.
Personar som ikkje er tilknytta institusjon
Personar som ikkje er tilknytta ein særskilt institusjon, er òg velkomne som lånarar. Dei nyttar eit nasjonalt lånekort. Om ein ikkje har frå før, kan ein få eit ved UBA ved å vise legitimasjon med bilete.
Digitalt nasjonalt lånekort kan ein sjøl skaffe seg frå Nasjonalbiblioteket.
Når ein blir registrert som låner, vil ein få tilsendt en epost med informasjon om innlogging og passord.
Når ein vil logge på Oria.no, vel ein "Brukernavn og passord for andre". Brukarnamnet står på baksida av lånekortet (n00123..), og passordet har du sjøl bestemt utfrå den epost du fikk tilsendt.