UiA - Universitetsbiblioteket (UBA) yter fjernlån til bibliotek i og utanfor Noreg. Studentar og tilsette ved UiA, som ikkje er i Grimstad eller Kristiansand, blir oppmoda til å nytta Biblioteksøk for bestilling til dei lokale folkebiblioteka deira. Sjå ev informasjonen vår til lånarar langt frå campus
Sjekk utlånsvilkåra i Oria.no uansett om du bestiller frå eige biblioteksystem eller via Oria.no. Logg på og klikk heilt fram til eksemplarnivå. Om du berre ser på delsamlingsnivå (til dømes "Plassering: Kristiansand UBA/KRIS 808.066 Thi"), kan det sjå ut som om vi har ledig eksemplar, men så er det eit som er til dagslån. UBA fjernlåner korkje dokument med korttidslån, slik som dvd, musikk-cd og tidsskrifthefte, eller dagslån.
Pris per artikkel-/kapittelkopi er kr 60. Norfri-bibliotek er unntatt.
Bestillingar via Oria og frå eigen katalog
Fjernlånsprotokollen NCIP P2P vart tatt i bruk i 2017 og sender bestillingar mellom ulike biblioteksystem. Ein kan bestille direkte frå eige system, men ein kan òg bestille i Oria.
Innlogging i Oria: Velg Feide og logg inn med brukernavn og passord som gjelder eget bibliotek.
Bestilling:
I fana "Fjernlån (beta)" kan du bestille eit lån. Du skal få ei kvittering til eige biblioteksystem. Standard lånetid er 42 dagar.
I fana "Finn og bestill" kan du bestille ein kopi. Du får ikkje kvittering til biblioteksystemet ditt. Kopi av elektroniske tidsskrift kan ein berre bestille per e-post. Standard lånetid er den same som for våre studentar. Sjå lånevilkåra.
Ulik bestillingsfunksjonalitet gjer det diverre vanskeleg for folkebibliotek å få eit samla oversyn over låna frå UBA.
UBA har lite informasjon utover dette og kan difor i liten grad rettleie folkebibliotek i korleis dei kan eller bør bestille. Vi viser til informasjonsidene til Unit (tidlegare Bibsys) og Nasjonalbiblioteket.
Midtstøl er transportøren vår. Dei fraktar materiale innanfor Agder og sorterer ut materiale som skal ut av Agder. Dette materialet blir henta og distribuerte av Norsk bibliotektransport.
Erstatning
Når materiale blir øydelagde eller tapte, vil me senda faktura etter avtale med låntakande bibliotek.
Når materiale kjem på avvegar, blir avvik meldt til transportøren. Eigarbibliotek og låntakande bibliotek avklarer først om materialet er motteke utan å ha vorte registrert. Innanfor Agder er det eigarbiblioteket som fakturerer Midtstøl. Der transporten går på tvers av fylke, blir biblioteka samde om korleis saka skal løysast. UiA - Universitetsbiblioteket fakturerer tidlegast tolv veker etter at avviket er registrert.
Når UiA - Universitetsbiblioteket står som låner (innlån), og materiale blir tapte eller øydelagde, må faktura sendast på EHF-format med organisasjonsnummer: 970546200. Oppgi referanse 1160/KL.