Er du fjernstudent, nettstudent eller student på eit samlingsbasert kurs? Oppheld du deg langt frå campus? Eller er du tilsett, som arbeider heimanfrå?
Då kan du få sendt bøker til ditt lokale folkebibliotek. Sjå nedanfor korleis du går fram.
Korleis bestiller eg bøker?
Med Nasjonalt lånekort kan du låne bøker og anna materiale frå bibliotek i heile Noreg heilt gratis. Lånekortet gir også tilgang til biblioteka sine tenester på nett, mellom anna BibliotekSøk.
Du får Nasjonalt lånekort hos folkebiblioteket ditt eller du kan skaffe deg eit digitalt Nasjonalt lånekort her: https://nb.bib.no/cgi-bin/m2
Tenesta krev at du identifiserer deg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, mfl.). Har du allereie eit Nasjonalt lånekort men ikkje hugsar lånenummer eller pinkode kan du kontakte ditt lokale folkebibliotek for hjelp.
Med ditt nasjonale lånekort kan du bestille bøker som er tilgjengeleg i hyllene på alle universitet- og høgskulebibliotek, folkebibliotek og vidaregåandeskule-bibliotek i Noreg. Når du søkjer på BibliotekSøk leitar systemet opp eit bibliotek som har boka tilgjengeleg og du vel hentebibliotek, altså ditt lokale folkebibliotek kor du ønskjer å hente boka.
Bøker som ikkje finst i BibliotekSøk.
Om du ikkje finn bøker og anna materiale du treng i BibliotekSøk, kan du bestille i Oria ved å logge deg inn med vanleg Feide og nytte Bestill-skjema i toppen av skjermbildet.
Du må gjere ein avtale med ditt lokale bibliotek om dei kan være hentebibliotek før vi sender bøkene du har bestilt. Om lokalbiblioteket gir samtykke til å være hentebibliotek skriv du inn dette i kommentarfeltet i bestillinga.
Om du ikkje får ein avtale med lokalbiblioteket som hentebibliotek, må du skrive dette i kommentarfeltet. Då kontaktar vi deg og finn ei anna løysning.
Artiklar i tidsskrift. Artiklar finn du ikkje i BibliotekSøk. Du kan i staden bestille kopi av artiklar publisert i tidsskrift, som ikkje finst elektronisk tilgjengeleg for UiA via Oria. Artiklar frå trykte kjelder kan vi sende heim til deg. Logg på Oria med Feide, bestill og oppgi i kommentarfeltet at du ønsker kopi sendt til heimeadresse.
Kontakt oss på e-post: hjelp@uia.no om du treng hjelp med bestilling.
Kva tid/Når kjem boka?
Det kan ta opp til ei veke før boka eller kopien kjem, avhengig av kor du bur. Folkebiblioteket kontaktar deg når du kan hente boka. Hugs å vise legitimasjon for å få utlevert dokumentet.
Du kan spørje ditt lokale bibliotek om dei kan sende boka du har lånt tilbake til oss. Mange bibliotek er med i ei transportordning for bibliotekbøker. Elles må du sende retur med Posten.
Har du fått ei innkalling, «Endring i lånetid», på e-post er det viktig du rettar deg etter forfallsdato. Avsendar er noreply@exlibrisgroup.com. Du vil først få ei kvittering for retur av boka, når boka har kome i retur ved Universitetsbiblioteket i Agder.
Om du skal til UBA (Universitetsbiblioteket i Agder) omtrent når lånet må leverast, kan du naturlegvis levere direkte til oss.
Om vi har lånt inn ei bok til deg frå eit tredje bibliotek, må boka sendast til UBA, ikkje direkte til eigarbiblioteket. Berre på den måten får vi returnert lånet ditt.
Korleis får eg tilgang til bibliotekets digitale ressursar?
Universitets- og høgskulebibliotek i Noreg er offentlege bibliotek, difor kan du bli registrert som lånar og få gjeste-konto for bruk av digitale ressursar i sjølve biblioteket. Merk at ikkje alle ordnar med fjernlån frå andre bibliotek for andre enn eigne studentar og tilsette. Sjekk lånevilkår ved ditt næraste universitets- og høgskulebibliotek.