English version of this page

Er du langt frå campus?

Er du fjernstudent, nettstudent eller student på eit samlingsbasert kurs? Oppheld du deg langt frå campus? Eller er du tilsett, som arbeider heimanfrå?

Då kan du få sendt bøker til ditt lokale folkebibliotek. Sjå nedanfor korleis du går fram med bestilling i BibliotekSøk.

Korleis bestiller eg i Biblioteksøk?

  • Med Nasjonalt lånekort kan du låne bøker og anna materiale frå bibliotek i heile Noreg heilt gratis. Lånekortet gir også tilgang til folkebiblioteka sine leietakere på nett, mellom anna BibliotekSøk.

Du får Nasjonalt lånekort hos folkebiblioteket ditt eller du kan skaffe deg eit digitalt Nasjonalt lånekort.

Gå til Nasjonalt lånekort
Tenesta krev at du identifiserer deg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, mfl.).

  • I Biblioteksøk finn du bøker som er tilgjengeleg i hyllene på alle universitets- og høgskulebibliotek, folkebibliotek og vidaregåandeskule-bibliotek i Noreg. Når du søker på BibliotekSøk leitar systemet opp eit bibliotek som har boka tilgjengeleg og du vel hentebibliotek, altså ditt lokale folkebibliotek kor du ønskjer å hente boka.

NB! Du må vera registrert som låner ved det folkebiblioteket, der du ønskjer henta boka du bestiller.

Gå til Biblioteksøk

Korleis bestiller eg artikler og bøker eg ikkje finn i Biblioteksøk?

Bøker som du ikkje finn i Biblioteksøk.

Om du ikkje finn bøker og anna materiale du treng i Biblioteksøk, kan du bestille i Oria ved å logge deg inn med vanleg Feide og nytte Bestill-skjema i toppen av skjermbildet.

Du må gjere ein avtale med ditt lokale bibliotek om dei kan være hentebibliotek, før vi sender bøkene du har bestilt. Om lokalbiblioteket gir samtykke til å være hentebibliotek skriv du inn dette i kommentarfeltet i bestillinga.

Om du ikkje får ein avtale med lokalbiblioteket som hentebibliotek, må du skrive dette i kommentarfeltet. Da kontaktar vi deg og finn ei anna løysning.

Artikler i tidsskrift.

Artikler finn du ikkje i BibliotekSøk. Du kan i byen i Oria bestille kopi av artikler publisert i tidsskrift, som ikkje ikkje finst tilgjengeleg i fulltekst og artikler frå trykte kjelder.

  • Sørg for å vera tilkopla UiA med eduVPN - da får du tilgangar til fullstekst, som er tilgjengeleg for UiA.
  • Gå til oria.no og logg på med Feide,
  • Ønsker du rettleiing i søk og bestilling, sjå rettleiinga: Litteratursøk i Oria - en innføring. 
  • Når du bestiller kan du i kommentarfeltet skrive at du ønsker kopi sendt hjem til deg.
  • Kontakt oss på e-post: hjelp@uia.no om du treng hjelp med bestilling.

Kva tid/Når kjem boka?

Det kan ta opp til ei veke før boka eller kopien kjem, avhengig av kor du bur. Folkebiblioteket kontaktar deg når du kan hente boka. Hugs å vise legitimasjon for å få utlevert dokumentet.

Kor lenge kan eg låne?

Lånetida er lik for alle. 14 dager med automatisk fornying inntil 5 gonger, om det ikkje er venteliste.

Gå til Låne, fornye og returnere

Korleis leverer eg?

Du kan spørje ditt lokale bibliotek om dei kan sende boka du har lånt tilbake til oss. Mange bibliotek er med i ei transportordning for bibliotekbøker. Elles må du sende retur med Posten.

Har du fått ei innkalling, "Endring i lånetid", på e-post er det viktig du rettar deg etter forfallsdato. Avsendar er ubagder@uia.no. Du vil først få kvittering for retur av boka, når boka har kome i retur ved Universitetsbiblioteket i Agder.

Om du skal til UBA (Universitetsbiblioteket i Agder) omtrent når lånet må leverast, kan du naturlegvis levere direkte til oss. Purregebyr går først ei veke etter forfallsdato.

Om vi har lånt inn ei bok til deg frå eit tredje bibliotek, må boka sendast til UBA, ikkje direkte til eigarbiblioteket. Berre på den måten får vi returnert lånet ditt.

Korleis får eg tilgang til bibliotekets digitale ressursar?

Du har tilgang til Universitetsbiblioteket i Agder sine digitale ressursar heimanfrå om du er logget på UiA sitt nettverk med eduVPN.

Gå til eduVPN

Universitets- og høgskulebibliotek i Noreg er offentlig bibliotek, difor kan du bli registrert som lånar og få gjeste-konto for bruk av digitale ressursar i sjølve biblioteket. Merk at ikkje alle ordnar med fjernlån frå andre bibliotek for andre enn egne studentar og tilsette. Sjekk lånevilkår ved ditt næraste universitets- og høgskulebibliotek.

Publisert 18. mars 2024 - Sist endret 31. mai 2024