English version of this page

Bilder, film og TV

Som student eller tilsett ved UiA har du høve til å laste ned bilete, video og grafikk heilt gratis frå ulike plattformer.

Opphavsrett og personvern

Opphavsrett: Bak alle bilete, videoklipp eller illustrasjon er det ein kunstar som har opphavsrett til åndsverket sitt. Utan særskild løyve har vi ikkje lov til å vidareformidle og presentere f.eks. bilete. 

Personvern: Når du skal publisere eller dele bilete eller film av personar, må du følgje lova om personopplysingar. Vurder om du treng løyve (samtykkje) av dei involverte

Med Colourbox og Skyfish er slike rettar allereie avklarte, og studentar og tilsette fritt kan nytte disse tenesta.

Bilete frå Colourbox

  • Studentar: Benytt Educational kode. Finn framgangsmåte via CANVAS.
  • Ansatte: Registrer deg som brukar med di @uia e-postadresse

Mer informasjon

Som student eller tilsett ved UIA har du høve til å laste ned bilete, video og grafikk heilt gratis frå

Dette inneber:

  • Fri bruk av bilete til presentasjonar.
  • Fri bruk av bilete i undervisingssamanheng.
  • Fri bruk av bilete til studentoppgåver.
  • Du kan tilarbeide bileta om ønskjeleg.

Bileta i Colourbox kan brukast til marknadsføring, undervising, artiklar og reklamar. Dei eignar seg både til elektronisk og trykt materiale.

I redaksjonell samanheng må du merke bileta med "Illustrasjonsfoto: Colourbox.com". 

Avgrensingar

  • Bileta kan ikkje brukast til kommersielle formål.
  • Kontohavar kan laste ned inntil 30 bilete per månad.
  • I starten av akademiske kalenderår må kontohavar reaktivere brukarkontoen sin:
    • Studentar: Benytt Educational kode. Finn framgangsmåte via CANVAS.
    • Ansatte: Registrer deg som brukar med di @uia e-postadresse

UiA sitt biletarkiv Skyfish

I Skyfish finn du bilete som UiA har alle rettane til.

Alle bileta i Skyfish er godkjente for bruk, både med tanke på personvern og åndsverk, og kan fritt nyttast av studentar og tilsette.

Gå til Skyfish

Skyfish - internt biletarkiv

  1. Registrer deg først som bruker i colorbox, se info over.
  2. Send ein e-post til Saara Ojanen og be om tilgang
  3. Du får tilgang Skyfish innan eit par dagar

Biblioteket si samling av film

Biblioteket har ei DVD-samling med spelefilmar, dokumentarar og andre filmar med fagleg innhald. UB har alle filmar/seriar som blir gitt som pensum ved UiA og ei mengd klassikarar. 

DVD-samlingen i Kristiansand finn du i underetasjen. 

Søk etter film i biblioteket sine samlingar via Oria.

Tast inn dine søkeord og avgrens til ønskt materialtype "video"etter søket.

Vel du materialtypen " audio-visuelt" finn du filmar som er tilgjengeleg elektronisk (hovudsakleg knytt til musikk).

Biblioteket set pris på innkjøpsforslag frå studentar og tilsette.

Innkjøpsforslag

Du kan sende innkjøpsforslag til biblioteket med en bestilling i Oria.
Hvis du velger Norske fagbibliotek som søkeomfang og avgrenser materialetype til "Bøker" får du opp bøker, som finnes ved alle norske fagbibliotek som svarer til ditt søk. 

Skriv i kommentarfeltet at du ønsker innkjøp til biblioteket før du klikke "Bestill dokument".

Dersom du ønsker å bestille dokumenter som ikke finnes i Oria, fyll ut blank bestillingsskjema som du finner øverst i Oria.

Logg på med Feide og legg inn alle opplysninger du har om dokumentet. Husk skriv kommentar at du ønsker innkjøp til biblioteket

Innkjøpsforslag kan også sendes til hjelp@uia.no

Filmrommet

Biblioteket har tilgang til Filmrommet, ein filmteneste som inneheld ulike filmar i kategoriar som spelefilm, dokumentar, kortfilm, reklame med meir. Filmane er for undervisarar, men kan også sjåast i lukka rom på biblioteket.

Gå til Filmrommet

TV og radioprogram

Til forsking og dokumentasjon kan ein bestille opptak frå Nasjonalbiblioteket av radio- og TV-program og få dei utlånte til avspeling i lukka rom på biblioteket på UiA. Du kan sjølv bestille frå Nasjonalbiblioteket.  Les om vilkårene og finn bestillinginformasjon.

Bestill på epost til: Kringkasting@nb.no

Til undervisning kan tilsette laste ned opptak av NRK-program frå AV-sentralen ved å opprette ein eigen brukar. Gje gjerne tips om nye program til: post.avsentralen@kristiansand.kommune.no.

UiA er med i Norwaco-avtalen

Publisert 18. mars 2024 - Sist endret 31. mai 2024