Biblioteket har ei samling av spelefilmar, dokumentarar og filmar med fagleg innhald. UB har alle filmar/seriar som blir gitt som pensum ved UiA og ei mengd klassikarar.
Søk etter film i biblioteket sine samlingar via Oria.
Tast inn dine søkeord og avgrens til ønskt materialtype "video"etter søket.
Vel du materialtypen " audio-visuelt" finn du filmar som er tilgjengeleg elektronisk (hovudsakleg knytt til musikk)
Biblioteket har tilgang til Filmrommet, som inneheld ulike filmar i kategoriar som spelefilm, dokumentar, kortfilm, reklame med meir. Filmane er for undervisarar, men kan også sjåast i lukka rom på biblioteket. Personalet loggar på.
TV og radioprogram
Til forsking og dokumentasjon kan ein bestille opptak frå Nasjonalbiblioteket av radio- og TV-program og få dei utlånte til avspeling i lukka rom på biblioteket på UiA. Du kan sjølv bestille frå Nasjonalbiblioteket. Les om vilkårene og finn bestillinginformasjon.
Opphavsrett: Bak eit kvart bilete, videoklipp eller illustrasjon er det ein kunstar som har opphavsrett til åndsverket sitt. Utan særskild løyve har vi ikkje lov til å vidareformidle og presentere f.eks. bilete.