English version of this page

Studentweb

Logg inn på Studentweb

Semesterregistrering er ei rutine du må gjere på Studentweb i byrjinga av kvart semester. For nye studentar er semesterregistreringa tilgjengeleg frå ca 4. august / 2. januar. Det er du som student som er ansvarleg for at alle registreringar er gjort innan dei fastsette fristane.

Fristar for semesterregistrering

Alle studentar må semesterregistrere seg på Studentweb kvart semester. Studentweb er tilgjengeleg for semesterregistrering frå 10. juni (for haustsemester) og 10. desember (for vårsemester) kvart år.  Du loggar deg inn på Studentweb med brukarnamn og passord (FEIDE) eller ID-porten.

Frist for semesterregistrering hausten er 1. september.
Frist for semesterregistrering våren er 1. februar.

 

Viktig om fristar og registrering

  • Kontroller at det på framsida i Studentweb står at du er registrert for inneverande termin og at semesteravgifta er betalt.
  • Dersom du ikkje har betalt semesteravgifta innan fristen 1. september / 1. februar, vil vurderingsmeldingar bli sletta og du reknast ikkje som student for det aktuelle semesteret.
  • Alle fristar er absolutte dersom det ikke føreligg særskilde grunnar til forseinking. Fristar som ikkje vert halde kan få store konsekvensar, for eksempel i form av forseinkingar i studiet.

Forklaring til innhaldet i Studetweb

Framsida på Studentweb viser deg viktige meldingar som tek for seg status på semesterregistrering og betaling samt andre viktige hendingar som for eksempel eksamensdatoar og andre påminningar. 

Din profil

Oppe til høgre under namnet ditt finn du "profilen din". Her vedlikeheld du generell informasjon som adresse, mobilnummer og e-post, samt gir ulike samtykker.

Namn og heimeadresse oppdateres mot folkeregisteret ca 1. juni og 1. desember. Har du endra namn og ynsker det endra med ein gong, gje oss beskjed

Privat e-postadresse og mobilnummer

Om du har registrert dette i eit felles offentleg kontaktregister, så hentes opplysningane derfrå, og du må eventuelt vedlikehalde dem der. Om du ikkje har tatt i bruk felles offentleg kontaktregister, vedlikeheld du privat e-postadresse og mobilnummer i Studentweb.

Bruk av bilete fra studentkort

Her samtykker du til at bilete du tok for bruk på studentkort kan brukast i interne system faglærar brukar knytt til undervisninga, til høva klasselister og oppmøteregistrering. Bilete vil aldri bli brukt i eksterne system eller i system som er tilgjengelege for medstudentar. Ved å samtykke til dette, gjer du arbeidet for faglærar enklare.

Studium

Denne sida gjev oversikt over alle studieprogram som du er knytt til på UiA. Her ser du utdanningsplanen din. De emner du ser for inneverande semester, blir du automatisk undervisnings- og vurderingsmeld til ved semesterregistreringa. Du kan redigere undervisnings- og vurderingsmeldingar etter at du har semesterregistrert deg innan fristen (1. september for haustsemester og 1. februar for vårsemester).

Aktive emne

Her kan du melde deg til emne som du har studierett til, men som ikkje ligg i utdanningsplanen din. NB! Oppmeldingsfrist er den same som fristen for semesterregistrering; 1. februar/1. september.

Resultat

Her finn du oversikt over oppnådde kvalifikasjonar og resultat. Det er også her du tingar karakterutskrift og ser opplysningar som UiA har rapportert til Lånekassa.

Resultat UiA har innhenta frå andre institusjonar finn du også her.

Bestillingar

Her kan du tinge karakterutskrift og semesterkvittering (men vi anbefaler at du brukar appen). 

Dokumenter

Her finn du oversikt over kommunikasjonen frå UiA til deg (e-post og SMS).

Betaling

Du skal opprette faktura sjølv. Klikk på "Opprett faktura".

Ofte stilte spørsmål

Korleis skal eg logge inn i Studentweb? 

Du kan logge inn i Studentweb anten med brukarnamn og passord eller ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID, Buypass eller Commfides)

Kva skal eg gjere når eg ikkje får lagra Min profil på grunn av feil i epostadresse?

Forsøk å endre store bokstavar til små i epostadressa di. Dette vil kunne løyse problemet.

Er semesterregistreringa gyldig når eg har betalt semesteravgifta til annan høgskole/universitet enn UiA?

Du må først vise/sende dokumentasjon på at du har betalt semesteravgift, slik at vi kan registrere den manuelt. Send dokumentasjon til hjelp@uia.no.

Eg har betalt semesteravgifta, men dette er ikkje synleg i Studentweb

Det kan ta 3-5 dagar frå du har betalt til dette er registrert hos oss. Dette har å gjere med kor raskt BBS sender betalingsopplysningar til UiA, og kan variere frå bank til bank.

Eg får ikkje meld meg til undervisning (Canvas) på emnet?

Om du ikkje får opp emnet i utdanningsplanen, kan du ta kontakt med ein studierettleiar/studiekonsulent på ditt fakultet.

Kvifor får eg feilmelding når eg melder meg til utsett eksamen?

Dette kan skuldast at den utsette eksamenen ikkje er oppretta i Studentweb enno. Ta kontakt med Eksamenskontoret for å få status på dei utsette eksamenane, og få vite når og korleis du skal melde deg opp. Merk at det ikkje er mogleg å melde seg til utsett eksamen på Studentweb før sensuren for ordinær eksamen føreligg.

Det hender også det er problem med å melde seg til utsett eksamen frå resultatoversikten. Forsøk i staden å gå inn i din utdanningsplan. Klikk på "Vis tidlegare semester", og meld deg til vurdering derfrå.

Det står feil studieprogram på fakturaen min?

Det gjer ikkje noko, vi registrerar betalinga di uansett. Berre betal den fakturaen som ligg i din Studentweb, sjølv om den står på feil studieprogram.

Kva betyr det å samtykke til bruk av bilete frå studentkort?

Da gjev du samtykke til at biletet som vart tatt i samband med at du fekk studentkort også kan brukast i interne system faglærar brukar knytt til undervisninga, som Faglærerweb, klasselister og oppmøteregistrering. Bilete vil aldri bli brukt i eksterne system eller i system som er tilgjengelige for medstudentar. Ved å samtykke til dette, gjer du arbeidet for faglærar enklare. Bilete av ein student er ei personopplysning, jf. Personopplysningslova §2, nr 1. Difor må du samtykke før bilete kan brukast i interne UiA-system.

 

Publisert 8. feb. 2024 - Sist endret 15. apr. 2024