English version of this page

Varsle anonymt eller som ekstern

Du har som varslar høve til å opptre anonymt. Varslingsrutinane gjeld for alle tilsette og studentar ved UiA, men UiA ønskjer også at eksterne personar seier ifrå ved kritikkverdige forhold.

Varsle anonymt/som ekstern (oppgi kontaktinfo om ønskeleg)

Anonyme varslingar er svært krevjande å forhalde seg til så det blir svært viktig med gode grunngivingar for dei framførte kritiske påstandane.

Ver merksam på at anonyme skylde mot tilsette sjeldent vil kunne føre til god saksbehandling og tiltak. UiA vil i dei fleste saker trenge å vite kven du er for å kunne følgje opp saka på ein forsvarleg måte som varetek begge partane sine rettar.

Varsling for eksterne

Dersom du ikkje er student eller tilsett på UiA, men ønskjer å seie ifrå om kritikkverdige forhold, kan du også nytte nettbasert, anonymt varsel. Dersom du ikkje ønskjer å vere anonym, må du oppgje kontaktinformasjon i saka.

Meldinga går til personal- og organisasjonsavdelinga som deretter vidareformidlar saka til rette vedkomande.

Til orientering tek vi utgangspunkt i dei same saksbehandlingsprinsipp som for tilsett. Det går i hovudsak ut på at saka vert handsama av nærmaste ansvarlege leiar.

Meir om varsling for tilsette

Universitetet i Agder pliktar å handsame varselet på ein forsvarleg måte, same kven det kjem frå.

Varsle anonymt som student

Tillitsvald eller STA kan også vidareformidle eit varsel på vegner av deg. Mottakar pliktar å ta alle varsel seriøst.

Varsle anonymt som tilsett

Verneombod, tillitsvald eller eigen advokat kan også vidareformidle eit varsel på vegner av tilsette. Arbeidsgivar pliktar å ta alle varsel seriøst.

Er du sjølv ein part i saka?

I konflikt- og trakasseringssaker der den som varslar sjølv er part i saka, kan du ikkje krevje anonymitet. Bakgrunnen for dette er kontradiksjonsprinsippet, som inneber at den som varslinga rettar seg mot, skal ha høve til å gjere seg kjend med kva den andre part har lagt fram av informasjon. Uten dette har den det varsles om, ikke mulighet for å kunne forsvare seg fullt ut.

Publisert 16. apr. 2024 - Sist endret 13. mai 2024